Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, rasar mot regjeringa sitt vedtak om utvinning av Engebøfjellet.

– Ein av dei største ureiningsskandalane i nyare tid

I Naturvernforbundet er det slett ikkje jubel over vedtaket om Engebø-fjellet. – Ein skandale, rasar leiar Lars Haltbrekken.

– Regjeringa har i dag gitt tillating til det omstridde gruveprosjektet i Førdefjorden. Fjorden kan dermed brukast som avfallsplass for gruveindustrien, sjølv om mindre skadelige alternativ fins. Naturvernforbundet reagerer sterkt på at det vert gjeve tillating til å dumpe skadelig avfall i ein sårbar og artsrik nasjonal laksefjord, rik på sjømat.

– Vil drepe alt liv

– Regjeringa har i dag gjeve løyve til ei av dei største ureinsingsskandalane i nyare norsk historie. Førdefjorden er ein rein og fiskerik fjord som vil kunne ta stor skade av dei enorme mengdene masse som skal dumpast i fjorden frå gruva. Kvart minutt, 24 timar i døgnet i 50 år skal det dumpast 11 tonn gruveavfall rett ut i fjorden, heilt til eit berg på 300 millionar tonn har endra landskapet under overflata fullstendig, seier Haltbrekken.

– Dette vil drepe alt liv på havbotnen i deponiområdet, og massen vil kunne spreiast og påverke store deler av fjorden. Våre fremste havforskarar har lenge åtvara i sterke ordelag mot planane. Fleire trua artar vil bli sterkt påverka av utsleppet som er midt i eit viktig gytefelt for den trua kysttorsken. Det vil også øydelegge det einaste kjente gytefeltet for blålange i kystsona. Alt dette ser regjeringa totalt bort frå, seier Lars Haltbrekken.

Skade på fisk og fjord

Haltbrekken viser til at Fiskeridirektoratet av omsyn til fisk og livet i fjorden leverte innseiingar mot planane om å dumpe gruveavfallet i Førdefjorden. Havforskingsinstituttet har gjennom grundige uttaler vist korleis denne avfallsdumpinga kan gjere stor skade på fjorden og korleis partiklane kan spreie seg og gjere stor skade på livet i fjorden.

– Nøyaktig kor langt partiklane vil spreiast og kor øydeleggande dumpinga vil vere for livet i fjorden er det ingen som veit sikkert, fordi undersøkingane har vore for dårlege. Regjeringa viser nå til krav om grundig overvaking av utsleppa, men dette vil berre dokumentere skaden som alt er gjort. Alle miljøfaglege råd tilseier at dette er ei sak der føre var-prinsippet burde vore brukt, seier Lars Haltbrekken.