Eggestøylen pyntar den eine sida av den kjempestore tanken.

Eggestøylen og Stardalen pyntar Tine-bil

TINE Råvarehåndtering har nå tatt i bruk den første tankbilen med motiv frå gardsbruk på tanken. Det er ulike motiv på begge sidene av tankbilen, men begge motiva er frå Sogn & Fjordane. Det eine motivet er frå Stardalen i Jølster og det andre frå Eggestøylen i Gloppen.

Bilen er å sjå dagleg på veien mellom Jæren og Brumunddal. Det er Per Otto Ramsland frå Egersund som har æra av å køyre denne fargesprakande bilen som tiltrekkjer seg mykje merksemd. Han fortel at mange kjem bort til han for å prate og mange tek bilete av bilen.

– Bilen er effektiv. Trekkvogn og semitrailer veg kun 17.200 kg. Med 50 tonn totalvekt betyr det ei nyttelast på 32.000 liter mjølk eller 33.000 liter fløyte. Bilen er for stor til å hente mjølk på gardane, men han står ofte langs vegkanten og tek imot mjølk frå mindre tankbilar som pumpar over mjølka før dei tek seg ein ny runde. I tillegg køyrer han mjølk og fløyte mellom TINE sine meieri.

– Dette er den første bilen som har fått motiv av gardsbruk på tanken. Vi skal nå prøve oss fram om dekorasjonen toler vaskemiddel, ver og vind. Kanskje kjem det fleire slike bilar etter kvart, seier kommunikasjonsrådgjevar Olav Håland i Tine.

Stardalen er på den andre sida.