Dømd for seksuell omgang med barn under 16 år

Ein nordfjording i slutten av 20-åra er i Fjordane tingrett dømd for seksuell omgang med ei 15 år gammal jente, samt for oppbevaring, bruk og sal av narkotika.

Ved tre høve i tidsrommet frå mars til november 2013 hadde han samleie med ei den gongen kring 15 år gammal jente. I det same tidsrommet sende han fleire bilete av kjønnsorganet sitt til jenta.

Laurdag 3. mai 2014 kjøpte han kring eitt gram amfetamin. Same dag brukte han amfetamin og oppbevarte hasj.

Ved kring fem høve hausten 2012 og vinteren 2013 selde han til saman fem gram amfetamin. Ved kring ti høve frå hausten 2013 til februar 2014, kjøpte han til saman 60-100 gram marihuana som han oppbevarte og seinare brukte.

Retten ser mest alvorleg på tiltalen som gjeld seksuell omgang med barn under 16 år.

Tiltala kom i kontakt med den fornærma jenta via Facebook. Dei hadde deretter ein del kommunikasjon med kvarandre via sosiale medium, før samtalane etter kvart utvikla seg til å få eit seksuelt innhald. Fornærma sende tiltala bilete av seg sjølv utan klede og fekk positiv respons, noko som førte til at ho sende fleire bilete. Tiltala sende så jenta to bilete av det erigerte kjønnsorganet sitt. Ved tre høve hadde tiltala og fornærma samleie heime hjå tiltala. Alle samleia var frivillige.
I dommen vert det lagt vekt på at det utvilsamt er den vaksne parten sitt ansvar å hindre at det finn stad seksuell kontakt med barn. Det er ingen formildande omstende at barnet er forelska, betatt eller tek initiativ. Retten vurderer det slik at tiltala hadde høve til å avstå frå den seksuelle kontakta, noko han ikkje gjorde. Fornærma har hatt psykiske plager etter overgrepa.
U
nødvendig lang saksbehandlingstid, noko som har vore til belastning for tiltala, og tiltala si tilståing, er teke omsyn til i straffeutmålinga.

Fjordane tingrett meiner sju månader i fengsel, tre av desse på vilkår med ei prøvetid på to år, er ei høveleg straff for brotsverka. I tillegg må tiltala betale 60.000 kroner i erstatning til fornærma, og 3.000 kroner, som er tente på sal av amfetamin, blir inndregne.