Home   >   Nyhende   >   Bremsedelar ramlar av tungtransport ned frå Strynefjellet

I bakkane ned frå Strynefjellet dukkar det stadig opp deler frå bremseanlegg på tyngre køyretøy.

Bremsedelar ramlar av tungtransport ned frå Strynefjellet

I bakkane ned frå Strynefjellet dukkar det stadig opp deler frå bremseanlegg på tyngre køyretøy. Då Statens vegvesen hadde kontroll på Skårebakken i Oppstryn tysdag, kunne ein bebuar der vise fram delar han hadde funne frå ei bremseskive på eit tyngre køyrety. Delane hadde han plukka opp litt lenger nede i bakken nokre dagar før.

På biletet kan ein sjå ei bremseskive som har gått i oppløysing på veg ned frå Strynefjellet.

– Om bremseskiva høyrer til på ein lastebil, tilhengar eller ein buss er ikkje godt å vite, men slike funn av bremsedeler viser at kontrollane vi held er særs viktige for trafikktryggleiken, seier overingeniør Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen på Nordfjordeid.

– Vi har stort fokus på å luke slike farlege køyretøy ut av trafikken. Dessverre fangar vi ikkje opp alle. Vi får berre håpe at det aktuelle køyretøyet har fått utbetra feilen med bremsene, og at det ikkje held fram å køyre på vegane med enten 50 passasjerar eller 50 tonn last, seier han.

I kontrollen på Folven tysdag vart eitt vogntog stoppa med manglar på nettopp bremsene, og vogntoget fekk ikkje køyre vidare før det hadde vore innom ein verkstad. Bilen hadde også ein diesel-lekkasje som måtte ordnast før den fekk køyre vidare.

I tillegg fekk to køyrety skriftleg melding manglar som må utbetrast innan ein fastsett frist.

Under ein kontroll i Førde måtte ein turistbuss laste av 1000 kilo. To sjåførar fekk gebyr på til saman kr 7600. Dei hadde for mykje last.