Sørlendingen Jonas Løvland har vore ein solid tilvekst på STIL si midtbane i haust.

Avsluttar med heimekamp

Jan Ove Ødven sitt mannskap har berre i periodar fått ut potensialet sitt denne sesongen. Ein ustabil spelarsituasjon må ta sin del av skulda for det. I bortemøtet mot Florø 2 sist helg, stilte laget utan reservar. Det er både oppsiktsvekkjande og trist for STIL-fotballen.

Søndag ettermiddag går årets siste seriekamp av stabelen på kunstgraset på Myklebustflata. Svake Tambarskjelvar, som står i overhengjande fare for å rykkje ned i 5. divisjon, kjem på vitjing.

Om Tambarskjelvar slår STIL og Kaupanger avgjer poeng mot Årdal 2, endar naustedølane på 10. plass på tabellen. Det er sikker plass så lenge ikkje både Tornado Måløy og Årdal rykkjer ned frå 3. divisjon. Om ingen av dei to nemnde laga rykkjer ned, er Tambarskjelvar sikre også på 11. plass. Om eitt lag frå fylket rykkjer ned frå 3. divisjon, rykkjer 11. og 12. plassen ned frå 4. divisjon.

I møtet i Naustdal i sommar vann sandensarane 5-2. Sjølv om sunnfjordingane har langt meir å spele for enn heimelaget, reknar vi med at Sandane avsluttar sesongen med stil, og ein gong for alle viser at desse laga både historisk og i framtida høyrer heime i kvar sine divisjonar.