Vidar Eide tok ti trimpostar på eitt døgn.

Vitja alle trimpostane på eitt døgn

 

2.juli vitja Vidar Eide ti fjelltoppar rundt Gloppefjorden på litt over 24 timar. Han starta på Svinestranda litt før midnatt, og gjekk i mål på Høgehaugen eitt døgn og 5000 høgdemeter seinare.

 

– Eg tok det roleg og pent undervegs, og det var ein fantastisk flott tur, fortel Vidar Eide frå Sandane.

Starta i nord

Han gjekk det som vel må kunne beskrivast som ein knalltøff tur der han besøkte ti fjelltoppar på litt over 24 lyse julitimar. Alle dei ti toppane han var på er med i STIL sine fjelltrimpostar. Firda Tidend kjenner ikkje til at andre har gjennomført denne turen på så kort tid.

– Eg hadde tenkt på å prøve dette ei god stund, heilt sidan i fjor haust, men fann ut at eg måtte vente til det var sommar, lyst og fint vêr før eg prøvde meg på turen, fortel Eide.

Til vanleg går Vidar mykje på tur i fjellet, så han hadde eit godt grunnlag for å gjennomføre styrkeprøva.

Helga etter jonsok var tilhøva og vêrmeldingane gode. Klokka 23.30 starta han å gå frå Austrheimsstøylen, og var oppe på første toppen, Svinestranda, litt over midnatt, klokka 00.15. Deretter gjekk han vidare til Blånibba der han var litt før klokka 01.00, og så var det Veten som òg ligg på nordsida av Gloppefjorden som stod for tur.

Vakker sommarnatt

– Eg hadde med hovudlykt, med det var lyst og fint og eg trengde ho ikkje. Litt utover natta vart det litt kaldare, så måtte eg ha på meg ei jakke, elles var det fin temperatur og fantastisk fint å vere på tur i fjella, fortel han.

Neste topp han skulle til var Ryssdalshornet. Utpå morgonen nådde han Daurmål. Utover føremiddagen vart både Storevarden og Svarte-Kari tilbakelagt i sol og finevêr.

– Det gjekk seint frå Traudalen og oppover mot Morafta. Då var det tungt i beina. Det var nok ei hjelp at eg har gått veldig mykje i fjellet før, trur Eide.

Nøttepålegg og energibarar

Han tok pausar undervegs, og hadde med nok mat, drikke og energipåfyll til å halde det gåande ut over dagen og kvelden. Han var ikkje nær ved å «gå tom» ettersom timane og kilometrane vart tilbakelagde.

– Eg hadde ikkje lange stopp, nokre korte pausar på toppane og litt matpausar utanom det. Av mat hadde eg med meg brødskiver med kaviar- og nøttepålegg. Drikkesekken var fylt med saft frå starten av, det vart erstatta av friskt fjellvatn ved behov ettersom timane gjekk. Og så hadde eg med sjokolade og energibarar som eg åt etter kvart. Det fungerte fint, fortel han.



Lydbøker og fotball-VM

Undervegs gjekk det i litt radio og anna underhaldning på øyrene.

– Eg høyrde ein del på lydbøker og fotball-VM undervegs medan eg gjekk, og så var det fantastisk utsikt heile tida, fortel han.

Han høyrde på krim av Jørgen Jæger, og fekk med seg to VM-kampar, Brasil-Mexico og Belgia-Japan. Den siste kampen hugsar han spesielt, Belgia snudde kampen medan han gjekk ned frå Morafta, fortel han.

Den siste trimposten var Høgehaugen på Sørstranda. Deretter gjekk turen ned att til Sandsstøylen der han vart henta rett etter midnatt.

– Det gjekk seint på slutten, men det gjekk. At eg tok det med ro undervegs var ei god hjelp for å halde det gåande. Eg var oppegåande dagen etter turen, men det er klart at ein kjenner det i beina og kroppen, understrekar han.

Vidar gjekk til saman 65 kilometer og 5000 høgdemeter det døgnet turen varte.

Seks trimpostar måndag

Måndag denne veka vitja han alle trimpostane til Fjellhug/Vereide etter arbeidstid: Blånibba, Dunheia, Svinestranda, Svarthammaren, Haugsvarden og Vetestova.

– Det er så tørt og fint i fjellet no, og dette var ein herleg tur. Mange andre har gjort det same. Eg bada i Åsebøvatnet før eg jogga heim att til Apalset, fortel Vidar Eide, som brukte nær seks timar på trimturen.

 

 



Slik gjekk turen


  1. Svinestranda

  2. Blånibba

  3. Veten

  4. Ryssdalshornet

  5. Daurmålsnibba

  6. Storevarden

  7. Svarte-Kari

  8. Arnestadnakken

  9. Morafta

  10. Høgehaugen

Frå Blånibba
Utsikt frå Storevarden.