Vind tok naust

Det vart gjort skade på ei garasje og eit gjerde då eit naust vart øydelagt av kraftig vind i Vågsvåg i Vågsøy fredag kveld. Taket på naustet blåste av, og det var lenge fare for at flygande igjenstandar kunne gjere meir skade.

Politiet melder også om at fv 621 Oppedalsvegen same stad måtte stenge på grunn av igjenstandar i vegbana. Det bles kraftig i området, meldte politiet fredag kveld.

Tre bilførarar fekk forenkla førelegge etter ein farstkontroll i 70-sona på Eikås i Jølster fredag ettermiddag. Høgste fart vart målt til 90 km/t. I tillegg fekk ein mopedist eitt forenkla førelegg for å ha trimma mopeden.

Ingen kom til skade då ein bil køyrde inn i eit steinras på på fv 651 over Stigedalen fredag kveld. Vegen var stengt til ein times tid til vegvesenet fekk rydda vegen. Bilen hadde punktert, og kom seg etter kvart vidare.

Også på fv 80 i Fresvik i Sogn gjekk det eit steinras fredag kveld. Her var ingen tekne i raset, men vegen vert stengt til laurdag.

Sjåføren (19) vart sendt til Førde sentralsjukehus for sjekk då ein lastebil natt til laurdag byrja å brenne ved utgangen av Fodnestunnelen. Tunnelen var stengt heile natta, og det var sett opp kriserute mellom Lærdal og Mannheller fram til laurdag morgon. Bilen var lasta med fiskefor og vart laurdag henta av redningsbil.

Ein bil køyrde laurdag morgon av vegen på rv 55 ved Fardal i Sogndal. Føraren (18) var ute av bilen og  medviten, men vert køyrd til legevakt melder politiet. Det vert oppretta sak og politiet vil etterforske ulukka. Vegen er open.

Uværet herjar også på fjellet, og vegmeldingssentralen melder at Strynefjellet ikkje vil opne laurdag. Heller ikkje Vikafjellet vert opna i laurdag. I morgontimane er alle fjellovergangar mellom aust og vest stengt, uttatt E16 over Filefjell og E134 over Haukelifjell. Der er det varsla om at det kan verte sett opp kolonne på kort varsel.