Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   – Vil ta medaljar i OL og VM

Jon Rolf Skamo Hope tok imot Furorestipendet frå banksjef Odd Kjetil Tonning (t.h.).

– Vil ta medaljar i OL og VM

– Dette kjem godt med. Det kostar å satse, smiler Jon Rolf Skamo Hope etter å ha fått tildelt Furorestipendet på 50.000 kroner.

17-åringen frå Hyen er eit stort talent både i langrenn og friidrett, men det er ski som er satsingsområdet. Han har markert seg i landstoppen i fleire år, og er no elev ved Norsk Toppidrettsgymnas på Geilo.

– Heilt uventa

– På lenger sikt er målet å kome på landslaget og ta medaljar i OL og VM. Når eg først har lagt ned så mykje arbeid og er komen så langt, vil eg satse på å bli så god som mogleg. Eg trur eg har føresetnader for å gjere det bra, seier Jon Rolf Skamo Hope.

Fredag skulle han berre ein liten tur innom Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling på Sandane for å få ordna bankkortet sitt.
Der venta banksjef Odd Kjetil Tonning med diplom, blomar og ein svært så pen sjekk.

– Dette var heilt uventa. Eg skjønte ikkje kvifor pappa skulle vere med òg, sa den glade stipendmottakaren og viste til at begge foreldra var med på turen frå Hyen for å vere vitne til overrekkinga.

Les meir i papirutgåva måndag.