Ho fann spennande historier om kvinner og vikingtid: forfattar Gunhild Merete Haugnes. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NTB kultur / NPK.

Vikingane lever i beste velgåande


Ei rekke bøker kjem vikingtrenden i møte. Dei ferske bøkene «Danehæren» og «Keiserens leigesoldat» er to av mange.





Tysdag 8. oktober reiste det seg ein vaskeekte vikingleir i Gyldendalhuset i Oslo i samband med sleppet av «Danehæren», den tredje boka i romanserien til Bjørn Andreas Bull-Hansen om jomsvikingen Torstein Tormodson. Bull-Hansen er òg kjent for den populære YouTube-kanalen sin (116.000 abonnentar), der han viser oss korleis vikingane faktisk levde.


Tidlegare denne hausten gjorde òg ein annan vikinghelt seg gjeldande frå Gyldendal. Då kom Jan Ove Ekeberg med «Den siste vikingkongen: Keiserens leigesoldat», som handlar om Harald Hardråde.







– Vikingtida fengjer. Eg trur det har å gjere med det fascinerande livet vikingane levde, ofte heilt på grensa av det fysiske moglege. Dei segla over verdshava utan å vite om det var land på den andre sida. Dei oppdaga Grønland og Amerika. Dei slo seg ned på Island og koloniserte Færøyane, Shetland, Orknøyene, store område i England og Irland og i Normandie, i det som i dag er Frankrike.


– Vikingane var brutale i kamp, men det oppstod òg eit sterkt samhald og livslange vennskap. Dei var glimrande handverkarar, som bygde dei raskaste skipa verda hadde sett til då, seier Ekeberg.


Prøvde seg på kampsport


Jan Ove Ekeberg overlèt ikkje noko til tilfellet når han tryllar fram forteljingar om Harald Hardråde. Forfattaren fortel om nitid research og halsbrekkande innsats for å få stoffet skikkeleg «under huda».


– Eg reiser til dei aller fleste stadene der eg sender Harald. Eg må jo sjå med eigne auge det han ser, seier forfattaren til NTB – og legg til:


– Så les eg heile tida. Sagalitteraturen er sjølvsagt, men det kjem stadig ny, spennande arkeologi og forskarar som med ny teknologi kan avdekke fleire lag frå denne tida.


Han prøver òg – innanfor forsvarlege grenser – å setje seg inn i det fysiske strevet Harald fekk kjenne på kroppen.


– Eg har lært meg å ri, eg har segla litt og drive med kampsport for å kjenne litt på korleis det er å slåst. Eg slapp frå det utan blåveis, men eg har vorte ganske mørbanka eit par gonger, vedgår Ekeberg.



Blir samanlikna med «GOT»

At lesarane lèt seg rive med av, er det ingen tvil om. Dei to første bøkene til Ekeberg har selt i over 50.000 eksemplar. No er han spent på om mange hiv seg med på endå eit eventyr.


– Haralds tid som leigesoldat i Bysants hadde òg mykje å seie for Noreg. Han lærte jo ikkje berre krigskunst i si tid i leigehæren Væringgarden, han lærte òg mykje om korleis eit land bør organiserast og korleis økonomien blir innretta. Noko av det første han gjorde etter at han kom heim, var å grunnlegge eit eige norsk myntsystem, og det la grunnlaget for ein sterk økonomisk vekst i tiåra etter, informerer den tidlegare TV 2-profilen – som med den nye boka har vorte utsett for samanlikningar med «Game of Thrones».


– Eg såg at ein melder skreiv det, og tar det som ein kompliment. Men det haltar nok litt. Eg bygger på faktisk historie, medan fantasy bruker ulike historiske epokar, blandar dei og set dei saman til ei heilt fiktiv verd, der også drakar og trollmenn er med. Det er nok heller slik at «Game of Thrones» er inspirert av kjelder som eg òg bruker. Alle dei store fantasyseriane, som «Ringenes Herre», har henta mykje frå norske kongesagaer og ikkje minst den gamle gudelæra, åsatrua, seier Ekeberg. Men han òg blir nøydd til å legge inn både oppdikta scener og karakterar.


– Det er nødvendig for å gjere bøkene spennande nok. Men i motsetning til fantasy held eg meg til den faktiske historia i dei lange linjene. Eg følgjer Haralds liv slik det faktisk var.



– I skuggen av Heilag-Olav

Ekeberg meiner Hardrådes liv nærast skreik etter å bli «bokifisert».


– Ingen konge, knapt nokon annan i historia vår, har levd eit så handlingsmetta liv som Noregs siste vikingkonge. Men Harald får ikkje den merksemda han fortener. Kanskje kjem av det at han står i skuggen av den vidgjetne broren, Heilag-Olav.


På spørsmål om politikarar og maktpersonar har noko å lære av Hardråde i dag, svarer han slik:


– He-he, eg bør vel vere litt varsam no. Men Harald hadde fleire lojale menn og også nokre kvinner som følgde han gjennom livet. Leiarar oppnår lojale støttespelarar ved sjølv å vere lojale. Om vi kan lære noko av Harald og hans tid, så er det vel kanskje det. Gå sjølv føre som eit eksempel – og ver lojal mot vennene dine.









FAKTA • Eit knippe bøker om vikingtida:


• Jan Ove Ekeberg: Bokserien «Den siste vikingkongen» (serie i tre bind).


• Bjørn Andreas Bull-Hansen: «Jomsviking», «Vinland» og «Danehæren» (også ein serie).


• Tore Skeie: «Hvitekrist».


• Tore Kvæven: «Hard er mitt lands lov» og «Når landet mørknar».


• Thorvald Steen: «Den lille hesten».


• Bergsveinn Birgisson: «Den svarte vikingen».


• Edvard Eikill: «En herse, tre konger».


• Preben Mørkbak: «Eirik Raude» og «Den siste viking».


• Jan Guillou: «Veien til Jerusalem».


• Sigrid Undset: «Kristin Lavransdatter».


• Gunhild M. Haugnes: «Kvinnen ved jordas kant».




(©NPK)




– Dei segla over verdshava utan å vite om det var land på den andre sida, seier Jan Ove Ekeberg. Han har gjort karriere av å fordjupe seg i historiske kjelder og skrive underhaldande om Harald Hardråde. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NTB kultur / NPK.
Eit knippe bøker med utgangspunkt i vikingtida.