Frida Bjørnereim (t.v.) og Julie Aksnes Williams i Natur og Ungdom Nordfjord arrangerer bruktmarknad i Aulaen på Firda vgs. Ta med kle og utstyr du ikkje brukar, lag din eigen stand og delta, oppmodar dei.

– Vi er veldig i mot kjøp og kast-samfunnet

Julie Aksnes Williams og Frida Bjørnereim vil kjøp og kast-samfunnet til livs. Onsdag inviterer dei til bruktmarknad i Aulaen på Firda vgs.

Både Julie og Frida er medlemmer i Natur og Ungdom Nordfjord som vart skipa i fjor. Førstnemnde er også  nestleiar i lokallaget som starta aktiviteten med mindre arrangement og idemyldring.

Shoppe-stopp

– Då tenkte vi på at det er så mange unge som har SÅ mykje kle dei ikkje brukar og til slutt kastar, seier Julie.

Sjølv om det er innsamlingsordning på Sandane, er det ikkje slik alle stader.

– Vi er veldig i mot kjøp og kast-samfunnet. Eg for min del vil ikkje kjøpe meg nye kle i 2019. Eg har bestemt meg for «shoppe-stopp», seier Frida.

– Å levere brukte kle til Fretex eller andre innsamlingsordningar er vel og bra, men kvifor ikkje kome saman og ha det sosialt, samtidig som vi ser på det andre har med, legg dei til.

Bruktmarknad

– Eg meiner å ha lest at kleindustrien i verda er den nest mest forureinande, berre transport er verre, seier Frida.

No gjer dei ord og tankar om til handling. I morgon, onsdag, inviterer dei til bruktmarknad i Aulaen, ikkje berre for dei andre medelevane på Firda, men for alle som har lyst

– Det er berre å kome, ta med kle eller andre ting, t.d. kjøkkenutstyr som er til overs, sportsutstyr eller bøker og etabler din eigen stand. Så kan du selje eller byte, alt etter som, seier dei.

Det er også mogeleg å kome berre for å sjå og eventuelt handle.

– Og når vi først er samla, vil vi også nytte sjansen til å kome med ein del miljøretta informasjon, seier Julie.