– Vi er ikkje urealistiske i Jølster





Det meste går bra når det gjeld samanslåingsprosessen, men økonomien uroar meg, og uroa er ikkje blitt mindre, sa Ole John Østenstad då han innleia til debatt om budsjett og økonomiplan i dei fire kommunane onsdag.





Det var fellesnemnda for ny kommune som skulle kome med fråsegn
til Fylkesmannen om økonomien i dei samanslåingsvedtekne kommunane og den nye
storkommunen. Østenstad er prosjektleiar for samanslåinga og påtroppande
kommunedirektør i Sunnfjord kommune.





Mykje gjeld





Noko av det som uroa Østenstad mest, var gjeldsnivået den
nye kommunen vil få å stri med.





– Gjeld og investeringsnivå uroar meg sterkt, sa Østenstad som peika på Sunnfjord også manglar åtte millionar av det som av regjeringa vart lova av inntektsutjamnande statlege tilskot.





– Dette må vi arbeide for å få på plass, og det må alle hjelpe til med, var bodskapen hans.  





Kommunedirektøren peika også på at eigedomsskattelova er endra og vil gje 6,7 millionar kroner mindre i eigedomsskatt i 2021 samanlikna med i dag, og han lurte på kva som skjer i høve til differensiert arbeidsgjevaravgift og minimumsavdrag på lån.





Østenstad peika også på fleire svakheitsteikn, nemleg det faktum at storleiken på disposisjonsfonda i dei tre minste kommunane er på «raud» side av streken i høve til KS sine tilrådingar, det same er driftsresultata.





– Driftsresultatet i den nye kommunen blir berga av Førde, sa Østenstad som meinte at det før sommaren må setjast i gang arbeid  med å justere budsjett og økonomiplanar for å «få ting til å gå i hop», som han sa.





– Urealistisk i Jølster





Den påtroppande kommunedirektøren hadde laga fråsegn og
vurdering av økonomien i kvar av dei fire kommunane og for den nye kommunen. For
Jølster sin del var det ikkje direkte lysteleg lesnad, der det vart brukt ord
som urealistisk om innsparingane i budsjett og økonomiplan.





– Innsparingstiltaka er spesifiserte og realistiske kvar for seg. Summen av tiltak er høgare enn ein kan forvente å få gjennomført på fire år, og innsparingane vert derfor vurdert som urealistiske, skreiv Østenstad i fråsegna si, noko som fekk Jølster-ordføraren til å reagere.





– Den nye kommunen må kutte i tenestetilbodet, sterkt i strid med festtalane frå 2016. Eg har ei plikt til å forsvare Jølster sitt budsjett. Kva er urealistisk i høve Jølster sitt budsjett og økonomiplan, og kvifor kalle det urealistisk når det ikkje er grunngjeve, spurde Oddmund Klakegg som også sparka til Førde og meinte at store, framtidige investeringar, som det nye symjeanlegget som Jølster har vedteke å støtte økonomisk, ikkje er med i økonomiplanen.





Han ville heller ikkje vere med på at skulda for manglande økonomisk handlingsrom i den nye kommunen skal leggast på dei gamle kommunane.





– Det ansvaret får dei ta, dei som vedtok kommunereforma, sa ein lettare irritert Klakegg.





Ikkje urealistisk





Også Kjell Navelsaker (H) entra talarstolen og forsvarte
Jølster sine disposisjonar.





– Vi Høgre hadde eit godt samarbeid med Sp om budsjett og økonomiplan. Vi meinte at vi fekk til eit budsjett og ei økonomiplan vi kunne handtere også som eigen kommune. Eg skjønar kvifor det som er skrive om Jølster er skrive. Vi har hatt eit høgt driftsnivå i mange år for å skaffe innbyggarane gode tenester, men eg er ikkje med på at det er urealistisk, sa Navelsaker.





Også Reidun Støfring (Sp) forsvarte Jølster sine disposisjonar. Ho starta sitt innlegg med å slå fast at dagens skulestruktur i Jølster ikkje vil stå seg særleg lenge.





– Det kan vi sjå i krystallkula. Når det gjeld symjeanlegget til Førde, kunne vi drege inn att tilskotet, sidan anlegget ikkje er inne i Førde si økonomiplan. Eg har ikkje problem med å forsvare hallane i Jølster, dei vil dei bli eit pluss for den nye kommunen, sa Støfring.





– Ole John Østenstad tok Førde i forsvar og minte om at der blir økonomiplanen vedteken om våren, og at det er grunnen til at mellom anna symjeanlegget ikkje er med i eksisterande plan. Han slo også tilbake til dei frå Gaular og Naustdal som peika på at kjøpet av Hafstad vidaregåande skule ikkje er med.





– Det kjøpet kjem ikkje på tale før etter komande økonomiplanperiode, sa Østenstad.





Fekk fjerna ei setning





Det kom etter kvart framlegg frå Sp om å fjerne ordlyden om
urealisme i fråsegna til Jølster. Dette vart vedteke, og dermed står det at «Summen
av tiltak er høgare enn ein kan forvente å få gjennomført på fire år».





– Handlingsrommet til den nye kommunen blir innsnevra både frå staten og gjennom budsjetteringa til dei fire kommunane. Heilskapstenkinga manglar, sa Ivar Svendsøy (Ap) frå Førde som gjorde det klart at det å tilpasse eigedomsskattelegginga i Førde til resten av den nye kommunen vil bli ei krevjande øving.





Han var også klar på at han ser det som naudsynt at den nye kommunen må ta grep i høve til ein del av investeringsplanane som ligg føre,





Når det gjeld fråsegna til den nye kommunen, kjem Ole John Østenstad med eit hjartesukk som ingen fann grunn til å endre på.





– Innan kultur og idrett er det mange gode prosjekt som vil gjere Sunnfjord til ein stad med gode tilbod for innbyggjarane. Prosjektleiaren opplever likevel at nokre prosjekt ber preg av å vere «framskunda» som følgje av kommunereforma. Prosjektleiaren er også usikker på om driftskonsekvensane av investeringane i mange av prosjekta er realistiske og godt nok utgreidd, skriv den påtroppande kommunedirektøren.





– Hadde regjeringa smurt denne samanslåingsprosessen økonomisk, hadde alt vore så mykje enklare. No må vi starte den nye kommunen med å ta ned tenestenivået i Jølster, sa ordførar Oddmund Klakegg etter at møtet var over.