Foto: Tore Meek/NTB scanpix.

Vestland vil krevje utsleppsfrie drosjer i 2024

Vestland fylke vil forby forssildrivne taxiar frå 2024, skriv Kommunal Rapport.


Samferdselsutvalet i Vestland fylkeskommune vedtok 15. januar, mot stemmene til Frp og FNMB (Folkeaksjonen Nei til meir bompengar), eit forslag om nye miljøkrav til drosjenæringa. Om forslaget passerer fylkesutvalet og fylkestinget 30. januar og 3. februar, må drosjeeigarane i fylket frå 1. januar 2024 sørgje for å køyre utan fossile utslepp.


Kravet gjeld rett nok i første omgang berre drosjeløyve i det gamle Hordaland fylke, men intensjonen er på sikt at alle taxiar i Vestland fylke skal vere utsleppsfrie.


Fylkesadministrasjonen har i utgreiinga si om saka konkludert med at det i 2023 vil vere mange nok bilmodellar med nullutslepp som tilfredsstiller krava drosjenæringa har stilt. Det vil seie at bilane må ha ei rekkjevidd på minst 300 kilometer, kort ladetid, god komfort, bagasjeplass og plass til minst fire passasjerar. Dei må òg vere driftssikre og ha eit godt servicetilbod frå leverandøren.


Både NHO Transport og fleire av dei største aktørane i drosjenæringa i Hordaland har likevel åtvara mot kravet, fordi både utvalet av aktuelle bilmodellar, rekkjevidde og ladeinfrastruktur ikkje er god nok.


Fylkeskommunen reknar med å måtte investere 13 millionar kroner i utbygging av hurtigladestasjonar og tilskot til heimeladeboksar hos drosjeeigarane. For næringa sjølv er kostnaden rekna til rundt 10 millionar kroner. (©NPK)