Riksteatret kjem til Trivselshagen på Sandane med framsyninga «Bukkene Bruse lager rumpebrann» komande fredag. Pressefoto.

Vender tilbake og set fyr på rumpa til trollet

Fredag 30. august vender Bukkane Bruse tilbake til Trivselshagen når Riksteatret vitjar kultursalen.

Ein av Riksteatret sine største suksessar dei siste åra er «Bukkene Bruse på Badeland»  – basert på Bjørn F. Rørvik og Gro Moursunds enormt populære barnebok. No kjem oppfølgjaren, basert på andre bok i serien, «Bukkene Bruse vender tilbake».

Bukkane Bruse lurer på kva dei skal gjere i ferien. Dei to minste vil helst til utlandet, men den største synest det blir altfor dyrt. Han vil heller på sætra slik som dei brukte å gjere før. «Æsj», seier dei to minste. «Det treige fjellet.» Den største bukken lokkar med trollet og vaflar på sætra, og til slutt dreg dei av garde. Men kvar er det blitt av trollet?

Tripp, trapp! Tripp, trapp! Dette blir ei framsyning som alle kan sjå. Og alle – kanskje bortsett frå trollet – har god grunn til å glede seg!

Framsyninga passar for born frå tre år. På scena finn ein Janne Starup Bønes, Madeleine Barosen Herholdt, Jørn Morstad, Håkon Thorstensen Nielsen, Marte Stolp og Erlend Rødal Vikhagen.