Vidar Aa Djupvik fekk oppdraget med å stoppe ut Naustdalsulven vinteren 2015

Utstopparen fekk tiltakspris

Vidar Aa Djupvik kom flyttande frå fusa i Hordaland til Jølster for ein del år sidan. På bruket til kona, i Årdalen, etablerte han seg som taksidermist, eller rettare sagt utstoppar.



Djupvik har på relativt kort tid etablert eit godt ry, langt utover Jølster sine grenser, og er ein svært dyktig og ettertrakta utstoppar som har hendene fulle med store og små oppdrag frå heile landet. I går fekk han Jølster kommune sin tiltakspris.

Allsidig
Fo Vidar Aa Djupvik er ingen jobb for liten og ingen for stor. Han stoppar også ut alle slags fuglar og dyr, frå dei aller minste fuglar til hjortar, elg og bjørn.
Då Naustdalsulven vart felt for fem år sidan, var det Vidar som fekk oppdraget med å stoppe den ut, noko han løyste på beste måte. Mang ein hjortejeger har troppa opp hos Vidar for å få stoppa ut eit hovud, eller montert eit gevir på plate, og jegerar som har vore utanlands kjem ofte til han med eksotiske viltartar for utstopping.
– Vidar Aa Djupvik har etablert ei levedyktig verksemd på ein brattlendt gard i Årdalen. Han starta i kjellaren i bustadhuset og har etter kvart innreia fjøsbygningen på garden med både verkstad og show-rom, heiter det innleiingsvis i grunngjevinga for prisen.

Lærlingbedrift
– Frå starten i 2010 og fram til i dag har verksemda blitt ein solid aktør på sitt felt i marknaden. Den stoppar ut alle slag dyr for ein kundekrets som strekkjer seg over heile landet. I tillegg til utstopping driv Vidar Aa Djupvik også med Fjellkunst, der han byggjer opp naturtru stein og fjellparti av betong. Dette gjev ein naturleg bakgrunn for utstilling av dyr. Han byggjer også opp peisar og piper, forma som fjellparti eller stein.
Verksemda er godt etablert og driv aktiv marknadsføring både på utstopping av dyr og vidareutvikling av tilstøytande produkt, skriv ordførar Oddmund Klakegg i tilrådinga der han avsluttar med at det er ein verdig vinnar som får prisen.
I statuttane heiter det at tiltaksprisen skal vere ei honnørutmerking til ei bedrift, ei verksemd, eit enkeltmannsføretak eller ein institusjon som på ein positiv måte har utmerka seg. Nytenking, produktutvikling og marknadsføring er moment som det skal leggast vekt på.
– Tiltaksprisen for 2019 går til ein etablerar og ei verksemd som har vist stor vilje og evne på alle desse felta, heiter det.
Overraska vinnar
– Det er sjølvsagt kjekt å bli lagt merke til og sett pris på, seier Djupvik som vart aldri så lite overraska då han fekk vite om prisen.
– Eg visste ikkje om denne prisen ein gong og det er visst ei høg list for å få den, så eg må no ha gjort noko riktig, seier Vidar som trur at han med bedrifta si har sett Jølster litt på kartet.
– Og at det er ei smal og rar bedrift er vel også udiskutabelt, seier vinnaren av den aller siste tiltaksprisen i Jølster.
Vestnorsk Trofe-Montasje som verksemda heiter er ei av to godkjende lærebedrifter i taksidermi i Noreg, og tek inn lærlingar for å føre faget vidare.

Under utdelinga av prisen torsdag fortalde utstopparen at han siste dagane har gjort ferdig dyr frå mange kantar av verda.

-Heile verda kjem til Jølster, sa han.

Vidar Aa Djupvik fekk prisen etter kommunestyremøtet torsdag. Siste dagane har han gjort ferdig eksotiske dyr frå mange kantar av verda.