Sommaren er ei travel tid for avslutning og inngåing av leigekontraktar. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Utleigar tapar på skader og slitasje

Mange avsluttar leigeforhold eller inngår nye kontraktar på sommaren. Det skapar tvistar mellom leigetakar og huseigar, og mogleg tap for utleigar.


I Noreg blir det leigd ut i overkant av ein halv million bustader. Mangel på betaling og skadar på bustaden er dei vanlegaste årsakene til at det oppstår usemje mellom utleigar og leigetakar, fortel tenesta Husleie.no.


Skadar på bustad har ført til at kvar tiande utleigar har opplevd at dei har tapt pengar på leigeforhold, viser ei undersøking. Slitasje på golv er det partane oftast er ueinige i, men også øydelagde servantar og skadar på kjøkkeninnreiing skaper bry for utleigarar.


– Mange leigetakarar er ikkje godt nok kjende med pliktene dei har. Blant anna har dei ei vedlikehaldsplikt som følgjer av husleigelova, i tillegg til det som er avtalefesta i leigekontrakten, seier juridisk rådgivar Karen Mellbye i Husleie.no.


Leigetakar skal vedlikehalde det som følgjer med bustaden, som vaskemaskin, kjøleskap og eventuelt møbel. Dersom noko av dette blir skadd eller øydelagt i leigeperioden har utleigar krav på erstatning.


– For å sikre eit godt grunnlag for ei erstatning for skade, er det nødvendig at det er dokumentert korleis tilstanden var då leigeforholdet starta, seier Mellbye. (©NPK)