Frå venstre: Ottar Kåre Bjørkedal, Dag Inge Bjørkedal, Jakob Helset, Erlend Helset, Ola Følsvik og Jakob S. Bjørkedal.

TV-program om båtbyggjarane i Bjørkedalen si største bragd

I uminnelege tider har folket i Bjørkedalen på Sunnmøre laga båtar. Så kom krona på verket: Myklebustskipet, det største vikingskipet det er funne restar av i Noreg.

NRK har vore med sidan båtbyggjarane felte dei første og viktigaste trea i Bjørkedalen i januar 2016, til praktskuta fekk vatn under kjølen i april i år. Onsdag 23. oktober kan du sjå programmet på NRK.

Kunnskapane har gått i arv

Båtbyggjarane i Bjørkedalen er blant dei viktigaste tradisjonsberarane i landet innan trebåtar. Seks røynde karar har stått i spissen for eit prosjekt der dei har samla all kunnskap og erfaring innan faget.

I gamle dagar vart det hamra og banka i nærast kvart gardstun i bygda med 150 menneske. Kunnskapane i Bjørkedalen har gått i arv gjennom generasjonar. Sjølve har dei bygd båtar sidan tenåra.

Men tida har ikkje spelt på lag med trebåttradisjonen i Noreg. I dag er båtane av plast eller stål, og det er vanskeleg å tene pengar på tradisjonell båtbygging. Kanskje er det eit slikt storprosjekt som kan halde handverket i live?

Ein koloss av eit vikingskip

Jakob Helset er no 82 år. Helset er ikkje i tvil om at dette blir krona på verket, av dei vel 117 båtane han har bygd gjennom livet.

– Eg trur ikkje nordfjordingane heilt veit kor stor båt dei har bestilt, smiler han.

Tidlegare har bjørkedølene bygd kopiar og rekonstruksjonar av Osebergskipet, Gokstadskipet og kjendisbåten «Saga Siglar».

Dei tre brørne Ottar Kåre, Dag Inge og Jakob S. Bjørkedal er sentrale i byggeprosessen. I kulissane er også sjølve konstruktøren, Saxe Bjørkedal (92).

Saxe er ei levande legende, han voks opp med trebåtar i Bjørkedalen, men utdanna seg til skipsingeniør. Yrkesåra gjekk med på verftet i Florø, der han jobba med tankskip på nær 300 meter.

Til å toppe laget er ein annan senior, Ola Følsvik, samt Erlend Helset, som eig mykje av skogen som Myklebustskipet blir laga av.

Eit heilt uvanleg prosjekt

Det 30 meter lange og 6,5 meter breie Myklebustskipet vart sjøsett på Nordfjordeid i april i år. Skipet skal vere midtpunktet i Sagastad, eit kunnskapssenter om vikingtida.

Skipet viste seg å vege 14,4 tonn då det vart heist over bakken av ei svær mobilkran framfor eit folkehav ved Eidsfjorden.

Myklebustskipet er ei gjenskaping av restane av eit brent vikingskip, funne i gravhaugen Rundehåjen på Nordfjordeid. Arkeologane trur skipet er det største vi har sett spor av.

– Eg har aldri vore med på noko liknande prosjekt, knapt nok dei andre heller, sjølv om dei har erfaring med å bygge større båtar, seier Jakob Helset.

Bli med på ei nær og levande forteljing med båtbyggjarane i Bjørkedalen. Sjå programmet «Vikingarven» onsdag kveld.