– Førstkomande søndag legg vi opp til ein triveleg dag på Utvikfjellet, fortel Vegar Sårheim og Runar Kleppe frå skisenteret, ordførar Leidulf Gloppestad og Jørgen Veien i Reed Utviklingslag.

Trivselsdag på Utvikfjellet

Førstkomande søndag inviterer Breimsbygda Skisenter alle, både store og små, med og utan ski, til Trivselsdag på Utvikfjellet.





Med seg har dei solide medarrangørar, og målet er at dette
skal verte ein triveleg dag for alle med grilling, underhaldning, og ikkje
minst leik og moro for ungar i alle aldrar.





– Alle var positive med éin gong





– Bakgrunnen var at denne dagen er utpeika til eit nasjonalt
prosjekt i regi av DNB, der alle vert invitert i alpinbakkane rundt om i landet
med eit billeg dagskort til 50 kroner i skiheisane. Tanken vår er å gjere så
mykje meir ut av det, fortel Runar Kleppe og Vegar Sårheim i Breimsbygda
skisenter.





– Kvifor ikkje invitere alle som soknar til dette fantastiske utfartsområdet, uavhengig om dei vil renne på ski eller ikkje, til ein skikkeleg trivselsdag? Tanken vart lufta med Gloppen og Stryn kommunar, utviklingslaga i Breim og skigruppene i idrettslaga i Vikane og Breim. Alle var positive med éin gong, fortel Kleppe og Sårheim.





– Eit kjempegodt tiltak





Ordførar Leidulf Gloppestad i Gloppen likar initiativet.





– Vi ser på dette som eit kjempegodt tiltak som vi sjølvsagt ville vere med på. For oss er det viktig at flest mogleg av innbyggjarane på begge sider av Utvikfjellet nyttar dette imponerande rekreasjonsområdet. I eit sosialt perspektiv ser vi på arrangementet som ein fantastisk måte at sambygdingar og naboar kan treffast, utan anna målsetjing enn å ha ein triveleg dag på fjellet, seier Gloppestad, som håpar flest mogleg vil nytte seg av tilbodet.





Han trekkjer også fram dette tiltaket som svært godt med tanke på å få med våre nye sambygdingar både i Stryn og Gloppen.





– Vi har fått mange nye personar til kommunane våre som på denne måten kan få oppleve fjellet. Det er ikkje alle som har bil, så vi set opp buss frå Sandane som går via Byrkjelo til Utvikfjellet, og retur seinare på dag, fortel han.





Gloppestad understrekar at alle som vil følgje buss må ta kontakt med kommunen for påmelding, slik at dei får oversikt over talet.





Gabriel Reed





«Har du høyrt Gabriel Reed spele, av slåttane sine på fele?
(..) Han tek deg med på fjellet på stemne, der vidda og stilla – deg dreg og
deg femne.» Dette skreiv Elias Skinlo i ein prolog til ein heidersfest 22.
februar 1947 for Gabriel Reed, læraren og klokkaren, gardbrukaren og
bureisaren, ungdomslagsmannen og spelemannen, friluftsmennesket og
idrettsmannen.





Fleire lag gjekk saman om å reise han ein minnestein, og dei tykte ein haug på austsida av riksvegen på Utvikfjellet høvde godt. 





Slik kan ein lese om Gabriel Reed i Fylkesarkivet. Spelemannen John Oddvar Kandal kjenner historia om denne unike mannen betre enn nokon annan. Han vil vere med på Trivselsdagen på fjellet og fortelje, og saman med anna tonefylgje spele slåttar etter Gabriel Reed.





Ungane skal få boltre seg





Jørgen Veien i Reed Utviklingslag har saman med
utviklingslaget på Byrkjelo teke på seg å setje opp fleire bålpanner, slik at
folk kan grille medbrakt mat, og varme seg om det vert litt kjøleg.





– Skigruppa i Breimsbygda idrettslag vil saman med skigruppa i Vikane lage til leik og moro for borna på eige skjerma område. Dei skal verkeleg få boltre seg medan foreldra, om dei ikkje vil vere med og leike med borna, kan kose seg over ein kopp varm drikke og slå av ein prat med andre som finn vegen på fjellet, fortel Runar Kleppe og Vegar Sårheim.





Dei lovar rimeleg godt vêr, men at det likevel er fornuftig å ha med godt med kle og sitjeunderlag.





– Og om folk har behov for å varme seg, vil kafeen sjølvsagt vere open, seier dei.