Tre personar er kritisk skadde etter ei ulukke på fylkesveg 60 i Stryn.

Tre kritisk skadde

Fleire personar er kritisk skadde etter ein kollisjon mellom ein buss og ein minibuss på Fylkesveg 60 i Stryn søndag. Naudetatane fekk melding om ulukka klokka 14.37, og redningshelikopter og luftambulanse rykte ut til staden.

Tre personar skal vere kritisk skadde. Desse sat i minibussen, og er no frakta vekk i luftambulanse. To personar er frakta til Haugeland med luftambulanse, to er frakta til Førde. 15 personar skal vere lettare skadde. Dei blir henta med buss og frakta til legevakta i Stryn. Kommunen vurderer om det er naudsynt å opprette krisehjelp.

Utanfor tunnel

Bussen, som hadde 32 asiatiske passasjerar og ein sjåfør om bord, var på veg mot Loen då uhellet var ute. Minibussen kom køyrande frå Loen. Politiet opplyser at passasjerane i minibussen er belgiske statsborgarar. Ulukka skal ha skjedd like utanfor tunnelen på Staveneset, på Stryn-sida av tunnelen.

Ifølgje politiet er det vanskeleg å seie kor lenge fylkesveg 60 vil vere stengd, men i alle fall fram til klokka 18.00 i kveld.