Høg feilprosent på kontrollerte bilar

Statens vegvesen hadde natt til søndag kontroll ved vegstasjonen i Førde. I alt fire tunge og sju lette køyretøy var innom kontrollplassen.

Av dei kontrollerte køyretøya hadde over halvparten manglar på lys og bremser. Ein førar av lett bil vart meld til politiet sidan han mangla alt frontlys på eine sida.

Biltilsynet fann litt av kvart å sette fingeren på under kontrollen i Førde laurdag kveld.

– Pass på lysa

I ein kommentar til kontrollen ber Statens vegvesen bilførarane setje seg inn i bruken av lysbrytaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi observerer ein god del køyretøy som manglar alt baklys. Som oftast er dette fordi lysbrytar står i dagslys-køyrestille. Hugs å skru på lysbrytaren når du køyrer i mørke og usiktbart vêr, er oppmodinga frå vegvesenet.