Frå venstre: Bård Sandal, Per Morten Ekerhovd, Dina Lefdal, Paal Fosdal, Rune Haugsdal, Håkon Rasmussen, Ingrid Holm Svendsen og Bjørn Lyngedal. Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Toppdirektørane i Vestland fylke er klare

Sju fylkesdirektørar er no tilsette i Vestland fylkeskommune. Dei blir øvste leiar av kvart sitt fagområde og utgjer leiargruppa til fylkesrådmannen.


– Eg er glad for å kunne presentere ei fagleg sterk og solid leiargruppe, som skal bidra til å få Vestland fylkeskommune i drift på ein god måte. Digitalisering og den raske endringstakten i samfunnet utfordrar oss, og den nye leiargruppa skal bidra til å gi oss det innovative løftet som vi treng. Kompetanse, samarbeidseigenskapar og utviklingskraft har vore dei fremste kvalitetane som vi har sett etter i rekrutteringsprosessen, og eg er trygg på at den gruppa som vi no har fått har dette i fullt monn, seier prosjektleiar Rune Haugsdal i ei pressemelding.


Dei sju fylkesdirektørane i Vestland fylkeskommune skal leie fem fagavdelingar og to stabsavdelingar.


Direktør for organisasjon og økonomi er Ingrid Holm Svendsen (49) med arbeidsstad i Bergen.


Direktør for strategisk utvikling og digitalisering er Paal Fosdal (57) med arbeidsstad i Leikanger.


Direktør for infrastruktur og veg er Dina Lefdal (53) med arbeidsstad i Leikanger.


Direktør for mobilitet og kollektivtransport er Håkon Rasmussen (54) med arbeidsstad i Bergen.


Direktør for opplæring og kompetanse er Bjørn Lyngedal (58) med arbeidsstad i Bergen.


Direktør for innovasjon og næringsutvikling er Bård Sandal (51) med arbeidsstad i Bergen.


Direktør for kultur, idrett og inkludering er Per Morten Ekerhovd (50) med arbeidsstad i Førde. (©NPK)