Topp forhold i Jølster Skisenter

Trass i svært sein påske og generelt lite snø, kan likevel Jølster Skisenter, som eitt av få anlegg i fylket, tilby glimrande forhold i bakken.

- Dette trudde eg ikkje vi skulle få til for nokre veker sidan. Men takka vere den snøen vi fekk i mars og at det har vore kaldt om natta i det siste, så har vi veldig fine forhold i to tredjedelar av anlegget, fortel dagleg leiar Even Hole.

Kunstsnø gjorde susen

I Jølster Skisenter vart det produsert mykje kunstsnø tidlegare i vinter, og den solen som vart laga då, har vore gull verd for anlegget som har hatt ope mesteparten av tida sidan byrjinga av januar.

- Vi har også produsert litt snø om natta siste veka, slik at vi har kunna flikke litt her og der, og har også liggande litt i reserve, fortel Even Hole som ønskjer alle velkomne til alpinbakken i påska. Han har så langt ikkje same tilstrøyminga som i fjor då det vart køyrt inn 100.000 dagleg i påskeveka.

Even Hole Cup

- Men vi har nokre dagar att, så dette kan bli bra likevel, seier Hole som skjærtorsdag er klar til å ta i mot store og små til Even Hole Cup.

Denne dagen blir det også sportsandakt i anlegget, i tråd med gammal tradisjon for cupen.

- Eg ringde til soknepresten og ho sa ja med éin gong. Det set vi pris på, seier Hole som håpar at mange tek turen til skibakken denne dagen for å vere på rennet som vil innehalde mykje moro og litt alvor. Løypa blir lagd til den såkalla turisttrasséen og vil ikkje gå gjennom det brattaste henget.

- Der kan det vere litt i brattaste laget for dei eldste, seier Hole som lovar ei løype som passar for alle.



Trufast gjest

Ein av dei som tysdag var på plass i anlegget, var Dagfinn Norddal frå Florø. Han har hytte i Bjørkelia og er fast brukar av skisenteret.

- Eg er her så ofte eg kan, og no har vi det veldig fint her. Vi kan ikkje få det betre, seier Norddal som også har planar om å stille på Even Hole Cup.

- Har du vore aktiv alpinist tidlegare?

- Nei, eg driv med skikøyring for moro, seier mannen som ifølgje Even Hole var ein av mange frå kystbyen som var i bakken denne dagen.

Også mange frå Bergen, men få lokale gjester, så langt. Med dei forholda skisenteret kan by på no, bør det vere kø ved trekk og billettkontor heile påska.

 

 



 

 

Even Hole byr på flotte forhold i jølster skisenter. -vi kan ikkje få det finare enn no seier, Dagfinn nyhammar frå Florø (t.h.)
Både store og små kosa seg i anlegget tysdag.