Nikolai Astrup jr, son av kunstnaren fekk møte namnebror og statsråd Nikolai Astrup for første gong.

To blad Nikolai Astrup på filmpremiere

Omlag 550 menneske såg filmen om Nikolai Astrup fredag, mellom dei to blad Nikolai Astrup. Den eine er den einaste av kunstnaren sine attlevande born, Nikolai jr. og den andre var digitaliseringsminister Nikolai Astrup.



-Min bestefar og kunstnaren var firmenningar så det er no eit litt perifert slektskap, smilte statsråden når vi ville vite litt om røtene til Astruptunet og Nikolai Astrup.



"Alle" var der

Det var mykje kjende fjes å sjå på hotellet fredag, frå politikk, kulturliv og administrasjonen i den nye kommunen i Sunnfjord og fylkeskommunen, og sjølvsagt skodespelarar og folka bak produksjonen av filmen "Flammen over Jølster". Også alle dei lokale statistane  og alle andre som har hjelpt til med å få realisert filmen, enten som sponsorar  på andre måtar, var inviterte.

Alle fekk sjå ein vakker, men også brutal biografi om kunstnaren som stort sett levde eit hardt og strevsamt liv og som av og til måtte ty til flaska når det butta i mot, enten kunstnarleg eller  i arbeidet med å bygge opp heimen på Sandalsstrand.  Filmen  syner også historia om kona Engel, som fall for Nikolai som femtenåring og om den strenge prestefaren , Christian, som  først trua med å nekte å vie paret, men gav etter då Nikolai trua med å flytte vekk.

Den unge Engel blir spela av Henritte Marø, som gjer ein glimrande innsats. Det gjer også Reidun Støfring frå Jølster som spelar Engel heilt på slutten av Nikolai sitt liv. Ho er så lik originalen, at det er nesten utruleg.



Dansk Astrup

Det var fleire kandidatar til rolla som Astrup, men regissør Pål Øie Landa til slutt på danske Thure Lindhardt, kjend frå TV-serien "Broen"

Lindhardt tolka Nikolai Astrup på ein heilt fantastisk måte, men det var litt rart å høyre jølstrakunstnaren snakke dansk.

- Kva tykkjer du om det?, spurde vi Nikolai jr. før filmen.

-Der sa du noko, det der har eg ikkje tenkt på, men det verkar litt rart at far min skal snakke dansk. Han snakka nemleg aldri anna enn jølstradialekt.

Også statsråden stussa litt på dette med språket då vi spurde han om det same.

-Du har nok eit poeng der, sjølv om Astrupslekta stammar frå Jylland, sa ministeren som såg fram til å sjå filmen.

Etterpå gjekk statsråd Astrup på scena og sa at det er nokre invitasjonar det ikkje går an å seie nei til.

-Dette med å komme til Jølster i dag, var ein slik invitasjon. Alle som kjem til Jølster ser det trolske i Astrup sine motiv og no ser eg fram til å høyre Thure Lindhardt snakke Jølsterdialekt, men eg har høyrt rykte om at han tolkar denne dialekta på ein litt spesiell måte, smilte statsråden.

Naturtru Fonn

Nikolai Astrup sin gode ven, mentor og nabo, læraren Anton Fonn var ein sentral person i Astrup sitt liv og han har ei sentral rolle i filmen. Fonn blir spela av Dennis Storhøi og her er det skodespelarkunst av høg klasse. Når Dennis Storhøi tek på seg den svarte, karakteristiske kalotten for å gå i Astruptunet med dødsbodskapen når Nikolai Astrup døyr i januar 1928, så er det som å sjå Anton Fonn i eigen person. Det same gjeld Reidun Støfring som Engel Astrup, når ho går ut på tunet og møter Fonn.

Filmen gir på ein framifrå måte eit godt og realistisk bilete av kunstnaren og livet hans på godt og vondt. Det er historia om den unge Astrup som let seg fange av mystikken rundt jonsokbålet, av erotikken og alkoholen og som såg motiva i naturen, som få andre, og som hadde mellom andre Erik Werenskjold som ein av sine favorittar.



Dramatisering av motiv

I filmen får vi sjå tankane til Astrup bak mange av dei mest kjende motiva, og historia bak korleis dei vart til, er dramatisert. Vi får også sjå gartnarsida av Nikolai Astrup og at han stundom er lei "denne forbannede fjellbygd" der haren åt opp frukttrea.

- Haren er det verste skadedyr som Gud har skapt, sa han i brylluppet på Vassenden Hotell, der det vart servert hare til middagen, og der Astrup meinte at reven burde vore freda.

Astrup sitt forhold til alkohol er også tema i filmen og vi får sjå at gartnaren kunne lage vin av det meste, men at det var rabarbravinen som var favoritten. Han laga også øl og på siste reis til Førde, for å vere med på opninga av ungdomshuset Viking, sat han og kona bak på ein open lastebil i januarkulden. Han hadde med seg ein ballong med øl og for å hindre at det fraus, la han frakken rundt ballongen. Han berga ølet, men fekk ein kraftig lungebetennelse som kosta han livet to veker seinare.

Astrup og Anton Fonn hadde gjort avtale om at den som døydde først skulle gje eit teikn på at han var "kommen fram"

Etter at Fonn hadde levert dødsbodskapen til Engel og var på veg heim, kom det eit plutseleg og kraftig vindkast som ruska skikkeleg i ei stor gran.

-Jaha, eg skjønar at du er der, seier Fonn og dermed sluttar filmen.

Positive reaksjonar

Det var ein fin film, eg likte den verkeleg, sa Nikolai jr. som likevel ikkje heilt kjende att faren i Thure Lindhardt si tolking. Men Nikolai hadde hatt seg ein tur i Astruptunet og likte det han såg der.

-Det var vemodig å komme dit, men det var fantastisk fint der og er veldig imponert over det kommunen ha fått til i tunet.

Også statsråd Astrup tykte det var ein fin film og han rosa skodespelarane og regissøren for å ha laga eit godt og truverdig kunstnarportrett.

-Eg gret ein skvett, eg, sa Kari Astrup, Astrup sitt barnebarn. Også ho rosa skodespelarane og ho peika på alle detaljane i filmen som laga eit korrekt tidsbilete.

-Det heile var rørande, sa Kari som også var skeptisk til dette med språket i starten.

-Men det gav seg litt undervegs og eg valde å fokusere på Thure Lindhardt sine skodespelarprestasjonar og dei var fantastiske. Thure hadde ei vanskeleg rolle som han meistra framifrå, var konklusjonen til Kari.



Viktig film

Fylkesordførar Jenny Følling var sjølvsagt til stades og vi bad om ein kommentar etter filmen.

-Det er var ein sterk og flott film som viser livet til ein stor kunstnar og eit stort talent. Denne filmen kjem til å bety mykje for driven vi håpar på når det gjeld det planlagde visningssenteret i Astruptunet. Film er eit sterkt verkemiddel og dette var sterkt, sa Følling

Når det gjeld viningssenteret, så var Nikolai  jr. glad for at visningssenteret truleg blir plassert  på austsida av tunet.

-Det blir ei bra plassering og eit pluss for tunet, meinte den tidlegare bygningsingeniøren.



Mange kinoar

-Dette har vore ei fantastisk reise og eg er stolt over å kunne vise filmen her i Jølster, sa regissør Pål Øye .

-Vi har laga film før, men dette var spesielt og eg vil takke alle som har gjort sitt for å få prosjektet i land.

Produsent Einar Loftesnes var sjølvsagt også nøgd med filmen sjølv om han er aldri så innhabil.

-Vi fekk laga den filmen vi ville ha, og den publikum ville ha. No skal filmen visast på 74 kinoar i første omgang.

-Men det er vel berre starten?

Ja, det er det vi håpar og trur på, svara Loftesnes som ikkje ville høyre snakk om at det kunne verke unaturleg med Nikolai Astrup i dansk språkdrakt, noko fleire vi snakka med, reagerte på.

-Det betyr ingen ting. Eg har snakka med mange i kveld som ikkje har reagert på akkurat det.

-Dette får du ta opp med regissøren, smilteThure Lindhardt då vi nemnde for han at Nikolai Astrup ikkje snakka dansk. Men Lindhardt var klar på at det hadde vore eit spennande oppdrag å speke Astrup og at det hadde vore ein fin kveld.

Ein av dei siste replikkane i filmen var denne frå Nikolai Astruup:

-Om hundre år er allting gløymt. Slik vart det altså ikkje.

-Det var ein flott film, eg likte han. At Astrup snakka dansk gjorde ikkje så mykje for meg. eg har vore så mykje i Danmark at eg forsto det han sa, stort sett, sa Oddvar Torsheim.
- Ein fin og sterk film, tykte fylkesordførar Jenny Følling. I bakgrunnen ordførarane Oddmund Klakegg og Olve Grotle.
Når denne logoen dukkar opp på eit kinolerret har publikum mykje bra i vente.
- Eg gret litt, fortalde barnebarn til Nikolai Astrup, Kari Astrup.
Tre viktige roller i filmen. F.v.: Kyrre Eikås Ottesen som presten Christian Astrup, Henriette Marø som Engel og Thure Lindhardt som Nikolai.
Dennis Storhøi gjorde ein glimrande prestasjon som Anton Fonn.