Kristine Strøm og Sivert Bernar Ryland håpar på god støtte til årets «Krafttak mot kreft».

Tek det årlege taket mot kreft

Tradisjonen tru deltek Firdarussen i Kreftforeningen sin aksjon «Krafttak mot kreft». 11. mars bankar dei på dørene i heile kommunen.

Mellom 11. og 17. mars føregår årets kreftaksjon over heile landet. Særleg russen er involvert, og russen frå Firda vidaregåande skule håpar å møte hyggjelege folk i dørene måndag. Årets innsamling går til forsking på kreftformer med høg dødelegheit.

Nyansert statistikk

– Generelt overlever sju av ti nordmenn kreft, men det er stor variasjon i statistikken. For lungekreft er talet overlevande to av ti. For bukspyttkjertelkreft overlever færre enn éin av ti. Pengane frå årets aksjon går til forsking og behandling av kreftformer som få overlever, forklarer Sivert Bernar Ryland, aksjonsansvarleg for Firdarussen.

– Dette er ei veldig viktig sak, som kan røyve alle. Alle kjenner nokon som er råka. Difor ønskjer vi å gå med bøsser, og difor håpar vi mange vil støtte aksjonen, seier Kristine Strøm, PR-ansvarleg for russen.

Vil skape merksemd

– Mykje har utvikla seg, men framleis er det vanskeleg å nå fram med forskinga. Difor er dødelegheita høg – også på global basis. Vi håpar å få inn så mykje som mogeleg, men alt hjelper, fortel Ryland.

Tidlegare i år har Firdarussen arrangert gul, blå, og rosa dag for å vekkje merksemd rundt ulike kreftformer. Heile trinnet har kledd seg i dei rette fargane for å støtte kampen mot barne-, prostata- og brystkreft. I tillegg arrangerte dei kakesal på skulen, til inntekt for Kreftforeningen.

Har fått god hjelp

– For den praktiske gjennomføringa har vi god kontakt med skulen. Bøssene har kome hit, og vi får bruke Aulaen på skulen på aksjonsdagen. Vi satsar på at det blir bra, smiler Sivert Bernar Ryland.

Han legg til at det er lett å snakke med skulen. Dei har vore med på aksjonen mange gonger, og er godt drilla.

– «Krafttak mot kreft» er frivillig, men vi håpar at alle tredjeklassingane deltek. Aksjonen er i hovudsak for russen, men om andre ønskjer å gå med bøsse, ordnar vi sjølvsagt det, seier Kristine Strøm.

I tillegg til å gå på dørene, har Firdarussen eige vippsnummer og online innsamling. Dei oppmodar både private og nærlingsliv til å bidra.