Frå venstre Liv Fridtun, Charlotte Eikeset Mundal og Laila Jordanger i butikkgruppa. Mari Wie var ikkje til stades då biletet vart teke.

– Ta julehandelen om kvelden

Komande torsdag er butikkane på Sandane opne nesten til midnatt. Det vert liv og røre i sentrum, og kundane er med i trekninga om fleire gåvekort.

Torsdag 13. desember held rundt 40 butikkar på Sandane kveldsope. Om du ikkje har fått tid til å handle inn til jul tidlegare, har du sjansen i mange timar denne kvelden.

Julestemning og song

– Det vert første gong vi legg kveldsope til ein torsdag, og vi skal halde på til klokka 23.00 i staden for til midnatt, slik vi har hatt tidlegare. Men vi håpar på god oppslutnad likevel, seier Liv Fridtun i butikkgruppa.

Elevar frå folkehøgskulen kjem til å vere til stades i sentrum og skape aktivitet. Dei skal synge julesongar, fyre bålpanner, servere gløgg og peparkaker.

Trekning av premiar

Alle som handlar for over 200 kroner i butikkane denne dagen er med i trekninga om fem gåvekort verd 1000 kroner kvar. Desse kan brukast i butikkane på Sandane. Vinnarane vert ikkje trekte på slutten av kvelden slik det vert gjort når det er nattope i sommarhalvåret.

– Trekninga vert 14. desember og vinnarane kunngjort i avisa tysdag 18. desember, fortel Charlotte Eikeset Mundal.

Apoteket vert ikkje ope heile kvelden, men nokre timar lengre enn vanleg.

Utvida opningstider

Ein del lokalmatprodusentar tek og turen til sentrum med varene sine denne førejulskvelden. Nokre av dei riggar opp salgsboder i Sandane Senter, medan andre vert å finne andre stader i sentrum. Dette er ei fin mulegheit for handel både for produsentar og kundar.

– Vi håpar folk nyttar denne sjansen til å handle lokalt, seier Eikeset Mundal.

Det vert òg utvida opningstider på Sandane seinare i desember.