Heim   >   Nyhende   >   Sylvi Listhaug vil at foreldre skal betale for skulemat

Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp). Foto: Andrea Øien Sæverud/NPK.

Sylvi Listhaug vil at foreldre skal betale for skulemat

Folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) vil at skuleelevar skal få mat på skulen som foreldra betaler for.

Debatten om å innføre skulemat i Noreg har rasa i årevis, og no kjem òg Listhaug på bana. Overfor VG viser ho til at foreldre er vande til å betale matpengar i barnehagane.

– Vi vil oppfordre kommunane til å vurdere om dei i samarbeid med foreldre, frivillige og lokale aktørar kan innføre ei ordning der dei tilbyr elevane mat, eventuelt med foreldrebetaling, seier ho til VG.

Listhaug meiner ein pris på mellom 300 og 500 kroner i månaden kan vere aktuelt og trur mange foreldre vil setje pris på å betale for å sleppe å lage matpakke.

– Eg trur dei fleste har råd. Det er jo òg ein kostnad ved å lage matpakkar kvar morgon, seier ho og meiner det må vere eigne ordningar for å ta vare på barn i låginntektsfamiliar.

Eit SV-forslag om gratis skulemat betalt av staten blir behandla i Stortinget denne veka. Arbeidarpartiet ønsker gratis skulemat, men kjem ikkje til å støtte SV-forslaget, opplyser Ingvild Kjerkol i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Ap vil finansiere skulematen mellom anna gjennom eit styrkt kommunebudsjett. (©NPK)