Kvit Ambulanse. Foto: Helse Bergen.

Sunnfjord kan få kvit ambulanse

Arbeidet med ny plan for dei prehospitale tenestene i Helse Førde viser at det kan vere grunnlag for å etablere ein såkalla kvit ambulanse i Sunnfjord, skriv helseføretaket i ei pressemelding. 

Kvite ambulansar, eller kvite bilar, er innførte i fleire helseføretak dei siste åra. Slike ambulansar handterer planlagde transportoppdrag, ikkje akuttoppdrag. Dei har av den grunn lågare krav til personale, og vil fristille ordinære ambulansebilar til andre oppdrag eller gje auka akuttberedskap.

Dei kvite bilane blir i stor grad brukte til å transportere pasientar som er stabile og ferdigbehandla frå eitt sjukehus til eitt anna, men det er også potensial for ein del kvite transportar frå sjukehus og ut til sjukeheimar eller heim.

Svært mange av oppdraga som er vurderte i arbeidet med prehospital plan, er oppdrag ut frå Førde sentralsjukehus. Det er alt i dag grunnlag for å prøve ut ein kvit bil for å gjere transportoppdrag i Sunnfjord og delar av Ytre Sogn. Fram mot 2040 vil behovet vekse fordi vi blir stadig fleire eldre.

- Det er likevel nokre føresetnader som vi må sjå nærare på, før vi konkluderer. Mellom anna vil lengda på turar spele inn. Så langt er konklusjonen at det vil vere volum til å fylle ein kvit bil i Sunnfjord dersom kvart oppdrag tek kring to timar, seier klinikkdirektør Tom Guldhav i Helse Førde.

Han er prosjektleiar for den nye ambulanseplanen.

Framlegget til ny plan for dei prehospitale tenestene til Helse Førde er no ute på høyring. Med ein høyringsfrist 25. november kan styret i Helse Førde få planen til handsaming anten på møtet i desember eller januar.