Dei to filmane som er laga presenterer fløytistane Ingrid og Maria Ose i flott Gloppen-natur. (Dronefoto: Adaptiv Foto Jon Andreas Kornberg)

– Strålande marknadsføring av Gloppen

I juni i år fekk Ingrid og Maria Ose 50.000 kroner frå kommunen sitt næringsfond til eit spennande filmprosjekt. Onsdag var det filmvising i kommunestyresalen på heradshuset, og næringssjefen var begeistra. – Dette er strålande marknadsføring av Gloppen, meinte han.

– I dag er kulturkommunen Gloppen blitt endå rikare. Ingrid og Maria Ose har lagt ned ein enorm innsats for å bli så gode musikarar som dei er blitt, sa Knut Roger Nesdal under lanseringa.

– Vil tilføre Gloppen mykje

Han var glad for at politikarane hadde støtta prosjektet med midlar frå næringsfondet. Kostnadsramma for prosjektet er på 100.000 kroner.

– Desse filmane og desse jentene vil marknadsføre Gloppen kommune på ein framifrå måte. Jentene leverer kvalitet, og det ønskjer også kommunen å stå for. Vi skal vere ein rikare kvardag – midt i verda. Difor er vi med på slike prosjekt som dette, fortalde han.

Dei to filmane som no er laga får kommunen lov å nytte i marknadsføringa si.

– Eg er svært godt nøgd med det eg har sett. De er med på krydre kommunen vår, og kjem til å tilføre Gloppen mykje. Eg gler meg til festivalen de skal ha i mars, og ser fram til å følgje dykk vidare, slo han fast.

– Modige jenter

Ingrid og Maria Ose studerer ved Noregs Musikkhøgskule i Oslo. Dei drøymer om å kunne leve av musikken, og håpar filmane kan hjelpe dei på vegen.

– Vi er svært godt nøgde med filmane, og tykkjer alle har gjort ein fenomenal jobb. Det er utruleg moro at alle er så positive. Det er godt å kjenne på at ein har Gloppen i ryggen, kommenterte Ingrid Ose.

John Rune Ødven ved Gloppen kulturskule har vore fløytelærar for jentene frå dei starta å spele som sjuåringar til dei gjekk ut av musikklinja på Firda.

– I dag er eg veldig stolt. Eg tykkjer jentene er modige som profilerer seg på denne måten. Det er flott at nokre torer å satse slik dei gjer. Dei har verkeleg gjort det bra, er ambisiøse og set seg mål, sa han.

– Fantastisk prosjekt

Det er Benedikte Vederhus som har laga filmane, medan Jon Andreas Kornberg har filma med drone. Såleis er filmane eit heilstøypt produkt frå Gloppen.

– Dette har vore eit fantastisk prosjekt å jobbe med. Eg var ferdig med studiane i juni, og i løpet av ferien fekk eg dette oppdraget. Opptaka vart gjorde over to dagar i august, fortel ho, som har spelt fløyte saman med Ose-tvillingane i Sandane skulekorps.

– Samarbeidet med jentene og med Jon Andreas har gått som ein draum, smiler 25-åringen.

Vederhus har fire års film- og fotoutdanning. I haust har ho jobba frilans med base i Gloppen, men denne veka fekk ho tilbod om jobb i hovudstaden.

– I januar skal eg starta på folkehøgskule-kontoret i Oslo og skal jobbe med å promotere folkehøgskulane på You Tube. Det blir veldig spennande, seier ho.

Tvillingsbillettar

6.-8. mars 2020 skipar Ingrid og Maria Ose til Osetvillingane sitt Musikkeventyr. Under samlinga i kommunestyresalen fekk publikum høyre meir om festivalen.

– Vi skipar til tre fine konsertar, og har fått tre fantastiske musikarar til Gloppen. Alle tre er internasjonale solistar. Henning Kraggerud er fiolinist, bratsjist og komponist. Han har turnert verda over sidan han var tenåring, og er eit stort namn i norsk musikkliv. Christian Ihle Hadland er ein pianist i toppklasse, kammermusikar og solist. I tillegg kjem Petter Richter, ein av dei fremste gitaristane i sin generasjon. Ingrid og Maria blir også med, samt eit par unge musikarar til, fortalde Ann Karin W. Ose.

Det har vore ein draum for jentene å lage ein eigen festival på Sandane og invitere musikarar som dei ser opp til.

– Vi kunne ikkje ha satsa på musikk slik vi no gjer utan opplæringa vi har fått på kulturskulen. John Rune Ødven har vore veldig viktig for oss i alle år. Musikklinja på Firda gav oss høve til å utvikle oss vidare. Vi har veldig lyst til at born og unge skal bli interesserte i klassisk musikk. Difor legg vi opp til at alle born og elevar på Firda vil få gratis tilgang til konsertane under festivalen, sa Ingrid Ose.

Festivalen tilbyr både tvillingbillettar og tvillingpass.

– Dei som vil kan kjøpe billett til seg sjølv og ein annan som ein har lyst til å dele opplevinga med. Det kan vere ein ektefelle, ven eller god kollega, peika dei på.