Større interesse for fuglar i koronatida

Fuglekikking er blitt meir populært denne våren. Norsk Ornitologisk Forening (NOF) har opplevd ei tredobling i innmeldingar, samtidig har mange måtta melde seg ut.


NOF har hatt fått mange nye medlemmer den siste tida. Også nettbutikken hadde rekordomsetning i april.


NOF forklarar dette med at folk har hatt betre tid. Då har dei kanskje fått blikket litt opp, og fått meir tid til å finne ut av ting. Og då treng dei kanskje ei fuglebok eller ein kikkert.


Morten Ree, organisasjonskonsulent i NOF, fortel til NRK at foreininga no har om lag 11.000 medlemmer og 12 tilsette, og dermed er blitt Noregs største nisje-naturforeining.


– Vi har fått mellom 150 og 200 nye medlemmer no, utan at vi heilt sikkert kan seie at koronasituasjonen er heile årsaka. Det er få som kontaktar oss for å melde seg inn, så vi veit ikkje heilt sikkert årsaka til oppsvinget, seier Ree.


Men dersom koronasituasjonen er grunnen, så har den verknad i begge ender, kan Ree fortelje.


– Vi har fått mellom 30 og 40 utmeldingar i same periode. Alle utmeldingane er grunngjevne med korona, at folk må prioritere i sin eigen økonomi. Mange har fått utsett betalingsfrist, og vi har gjort medlemskap rimelegare.


(©NPK)