Elin Aaland og Asgeir Årdal overraska Eivind Øygard med Furorestipend på 50.000 kroner.

Stipend til friidrettstalent frå Jølster

Eivind Øygard vart overraska med Furorestipend på 50.000 kroner.

Under ei kretssamling i Førde tysdag fekk Eivind Øygard ei stor overrasking. Sparebanken Sogn og Fjordane, deler via eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, ut årlege Furorestipend.Øygard var lokka til Førde for å leie ei treningssamling og for å vere med å ta imot ei gåve på 150 000 kroner til Friidrettskrinsen. Han ante derfor ingenting om stipendet han skulle få.

Først delte banksjef for Privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Elin Aaland, ut Friidrettskrins-gåva, men så tok ho ordet igjen, og ba han bli ståande før ho las opp grunngjevinga til juryen om kvifor han skulle få stipendet.

- Dette var utruleg kjekt. Eg hadde ikkje peiling, og vart veldig overraska. Eg hadde faktisk tenkt å søke Furorestipendet, og hadde skreve ned fristen. No har eg ein ting mindre å tenke på, strålar Øygard.

- Pengane kjem svært godt med. Sjølv om friidrett i seg sjølv er ein billig idrett går det penger til satsinga. Næraste målet mitt er Byrkjelo og terrengsesongen i år. Eg håpar og å kvalifisere meg på bane 10.000 meter. Det er eit realitistisk mål, men eg må jobbe mot det.

Fleire Furorestipend på lur
Elin Aaland fortel at stipendet til Øygard er eit lanseringsstipend for å oppmode andre unge talent i fylket om å søke om Furorestipend innan søknadsfristen 15. juni.

- Vi tar i mot søknader innan idrett, kultur og open klasse. Det er ofte stor variasjon i søknadane, og det syns vi er veldig kjekt, seier Aaland. Ho oppmodar alle unge talent frå fylket om å sende ein søknad.

150.000 til samlingar for unge
Friidretten har fått eit oppsving i fylket dei seinare år, med 7000 aktive medlemmer.

- Krinsen har planar om å trappe opp sine treningssamlingar for dei ulike greinene, samt å skape eit friidrett-krinslag for aldersgruppa 13-22 år i Sogn og Fjordane. Dette arbeidet får ei støtte på 150 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, seier Aaland.

Gåva til friidrettskrinsen kjem og frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane og blir delt ut via hovudeigaren til banken; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

- Eg er veldig glad for at de gir Eivind dette stipendet. Han er ein fantastisk ambassadør for idretten i Sogn og Fjordane. Han er eit godt forbilde, og vi er veldig takknemlig for at han stiller som trenar på samlingane våre. Vi er og takknemlege for gåva til krinsen, som gjer at vi kan sikre fleire treningssamlingar for unge talent, seier han.

Furore-juryen si grunngjeving for å gi Eivind Øygard Furorestipend:
26 år gamle Eivind Øygard har vore innom fleire idrettar i ung alder, men det er innan friidrett han har satsa profesjonelt dei seinare åra. I fjor var toppåret så langt, der han mellom anna fekk sølvmedalje i NMi terrengløp. Eivind representerte også Norge i både Nordisk og Europeisk meisterskap i terrengløp, og i nordisk meisterskap vart han beste nordmann med ein sterk femteplass. Han er allereie kvalifisert til EM i terrengløp 2018 og hans store mål for sesongen er NM Friidrett på Byrkjelo Stadion i august.

Sjølv med tilbod frå mange andre klubbar i Norge, har Eivind alltid representert moderklubben Jølster og han er eit stort forbilde for mange unge friidrettstalent i heile fylket.

Juryen gler seg til å følgje spent med både i EM og i NM på heimebane, og ønskjer all mogleg lukke til med vidare satsing!