Magne V. Kristiansen og Solveig Thingnes Kandal har måla saman i fem år. No ser dei fram til felles utstilling på Sølvane gard i Kandal.

Stiller ut kunst på Sølvane gard

Tysdag opnar Solveig Thingnes Kandal og Magne V. Kristiansen ei felles kunstutstilling på Sølvane gard i Kandal. Dei har alltid drive med kunst, og ser fram til å vise nye måleri.


– Vi har eit fantastisk og allsidig lokale. Solveig og eg har lenge snakka om å få til ei utstilling her på låven. Vi synest det var ein god idé, og no har ho i tillegg fått med seg ein god kollega på utstillinga, fortel Torstein Kollevåg ved Sølvane gard.

Variert utstilling

Thingnes Kandal er busett i Kandal, Kristiansen kjem frå Vestfold, og er busett i Stryn.

– Hovudfeltet mitt er akryl. Eg målar i tillegg litt akvarellar, brukar litt pastellkrit, litt teikning og så vidt litt oljemåling. Eg uttrykkjer meg ekspresjonistisk eller impresjonistisk. På denne salsutstillinga er det natur, menneske og interiør som er tema i måleria mine, fortel Thingnes Kandal.

– Eg vil stille ut dei fleste tema eg er innom; stilleben, hav og skog, kultur og menneske. Eg målar mest oljemåleri, men òg litt grafikk. Det er vanskeleg å setje ein merkelapp på ting, men eg vil seie eg har ein naturalistisk stil. Eg målar ofte naturmotiv utanfor allfarveg, frå heile Nordfjord. Eg har stor glede av å formidle noko eg synest er vakkert, forklarer Kristiansen.

Mellom 40 og 50 måleri vert å sjå på utstillinga på Sølvane gard. Kunstnarane synest det er kjekt at folk får sjå arbeida deira.

Lang erfaring

Dei to kunstnarane har begge vore interesserte i kunst sidan dei var heilt små, og har jobba saman i fem år. Dei har måla i lag kvar veke, og vore på fleire studieturar saman.

– Eg har teikna sidan eg kunne, har alltid vore interessert i forming og måla mykje. Dei siste ti åra har det vore så viktig at det har vore meir enn ein hobby, det er blitt meir eit driv, seier Thingnes Kandal.

– Eg fekk mitt første tubesett då eg var tolv år, og kunsten er blitt ein livsstil for meg òg. Når eg sit med blanke ark framfor meg og målar det første strøket, då skjer det noko magisk. Det kan bli pompøst, men det er sant, fortel Kristiansen.

Stort fargespekter

Kristiansen sine måleri er stort sett frå naturen, og går såleis i jordfargar, men med meir intense innslag. Thingnes Kandal er glad i blågrøntonar, men synest det er kjekt å bruke litt fleire fargar etter vinteren.

– Paletten får eit personleg preg, ein fargeskala du er fortruleg med. Somme gonger kan det vere konstruktivt å klårne fargesynet, prøve eit anna uttrykk. Dette har eg gjort i nokre bymotiv, eitt frå Roma og eitt frå Times Square i New York, seier Kristiansen.

– Ofte målar eg ein abstrakt bakgrunn, med noko ein kan kjenne att. Eg har eit meir rufsete strøk enn Magne. Eg er glad i ansikt, og målar ofte store bilete. Eg blir inspirert av stemningar i naturen og mellom menneske, kjensler ein kjenner på, fortel Thingnes Kandal.

Våropning for garden

Kristiansen fortel at det er best å ha låge forventningar til utstillinga. Mottakinga kan vere uberekneleg, men det er viktig å prøve seg. Torstein Kollevåg ser veldig fram til eit nytt arrangement på Sølvane gard.

– Eg har høge forventningar. Dette er ein del av ei avklaringsfase med støtte frå Innovasjon Norge, der vi skal finne ut kva arrangement som fungerer i bygda. Det er kjekt å få inn vår gode nabo med kollega til kunstutstilling. Eg håpar heile lokalsamfunnet, og andre kjem, dette er ein fantastisk sjanse til å få sjå Kandal. Det er meldt nydeleg vêr, vi serverer kaffi og sveler, og ein kan nytte heile dagen på Sølvane gard, seier Kollevåg.

Intim stemning

– Vi har laga til ei koseleg, intim stemning på låven. Under utstillinga blir det som å sitje i si eiga stove og betrakte biletet ein akkurat har kjøpt. Vi har laga til interiør og ei dus stemning. Då vert det enklare å sjå føre seg korleis måleria ser ut heime i stova, meiner Kollevåg.

Kunstnarane fortel at det er første gong dei stiller ut på mørk bakgrunn, men meiner bileta kjem mykje betre fram slik.

Utstillinga opnar tysdag kveld. Torsdag held Sølvane gard konsert med Austrheim mannskor. Utstillinga blir hengande under konserten.