Stal startpistol og brukte narkotika

Ein mann i tjueåra frå Sunnfjord er dømd for å ha brote seg inn på eit skisenter i Gaular.

Der stal han ein startpistol med tilhøyrande ammunisjon. Døra og kledningen rundt vart øydelagt. Dette skjedde i 2016, og litt seinare på året vart han med jamne mellomrom teken for sal og bruk av mindre mengder hasj, amfetamin og ecstacy-tablettar. Dette skjedde både i Førde og Ålesund. Han er òg blitt stoppa av politiet medan han hadde ein slåsthanske med seg, noko som er ulovleg, og vert rekna som eit brot på våpenlova.

Mannen, som er straffa tidlegare, tilstod lovbrota utan atterhald. Retten kom til at ei straff på seksti dagar fengsel med ei prøvetid på to år var høveleg, i tillegg til ei bot på 1000 kroner.