Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Stabilt i Sunnfjord

Ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle har møte i kriseleiinga kvar morgon og ser at talet på smitta stig.

Stabilt i Sunnfjord

Det er ingen nye koronasmitta i Sunnfjord og talet er såleis framleis åtte, ifølgje ordførar Olve Grotle.

Ordføraren melder også at det i dag har vore gjennomgang av tids- og framdriftsplanen for omdisponerering av interne ressursar i kommunen, her medrekna tema opplæring for personar som blir omdisponerte.

Mange har meldt seg

– Vi byrjar å omdisponere folk no, der dette er formålstenleg, og vi har fått orientering om arbeidet med å få på plass ein reserverstyrke av eksterne folk med helsefagleg kompetanse. Til no har om lag 25 personar meldt seg til teneste for Sunnfjord kommune, fortel ordføraren.

Han skal i dag ha videomøte med statsminister og helseminister, i lag med tre andre kommunar. Tema for møtet er status for kommunane og korleis situasjonen kring koronaepidemien blir handtert.