Svinestranda Opp er avlyst

Grunna reglane kring covid-19 (korona) har Fjellhug/Vereide il vedteke å avlyse årets Svinestranda Opp, melder arrangøren i ei pressemelding.

Motbakkeløpet skulle gå 20. juni.

Foto: Svein Hauge/arrangør.

– Ukjende faktorar kring arrangementsreglement, om det i år ville kome deltakarar, og om funksjonærane synest det var ok å ha eit så pass stort arrangement så nær pandemiutbrotet førte til at arrangøren valde å avlyse løpet, heiter det i meldinga.

Svinestranda Opp hadde også fått status som Norgescupløp i år, men denne cupen er også avlyst.

Når det i tillegg er store mengder snø i fjellet, var dèt endå eit argument for at årets motbakkeløp får eitt års utsetjing. Det er også store sjansar for at NC-statusen vert vidareført til Svinestranda Opp neste år.

– Fjellhug/Vereide Il ser no fram til Gloppen Halvmaraton som går laurdag 3. oktober. Her trur vi det blir svært god deltaking, sidan det i 2021 vert arrangert NM halvmaraton i løypa frå sentrum og utover Sørstranda, langs FV615. Mange vil nok prøve løypa i år.