Storkamp i vente for Sigrid & co.

Sandane-jenta Sigrid Heien Hansen og Vålerenga gjekk sigrande ut av dagens semifinale i cupen mot Avaldsnes.

Foto: Morten Mitchell Larød

Vålerenga var overlegne i kampen på Intility stadion søndag ettermiddag og vann til slutt 4-0.

Heien Hansen blei bytta ut på stillinga 4-0 etter ein knapp times spel.

Oslo-klubben er dermed klar for cupfinale mot erkerivalen Lillestrøm 13. desember.

Dei to laga møttest i finalen også i fjor. Då vann LSK heile 5-1.