STIL kunne juble for siger i sesongopninga på heimebane søndag.

Siger til STIL i sesongopninga

STIL møtte Førde 2 på heimebane søndag føremiddag.

Søndag var det sesongopning for STIL i Kretsligaen. Laget møtte Førde 2 på heimebane i Sandane Idrettspark.

Til pause var det bortelaget som var i leiinga på Sandane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I første omgang er det lite som stemmer. Vi møter eit robust og sterkt Førde 2 med musklar. Vi får ikkje sett spelet vårt, seier Simon Gimmestad, som saman med Bjarte Skaaden er trenar for STIL.

I andre omgang gjer dei nokre justeringar og kjem høgare opp i bana. Jon Andre Rebbestad utliknar for STIL i 72. minutt. Ti minutt seinare set Ludvig Gimmestad ballen i mål til 2–1.

STIL feirar utlikning 1–1. Jon Andre Rebbestad scora for heimelaget i 72. minutt.

– Førde er framleis det leiande laget, men vi er meir offensive og positive. Vi heng meir med i andre omgang. Eg synest laget fortener sigeren ut frå innsatsen, særleg i andre del av andre omgang, fortel Skaaden.

Å opne sesongen med siger er viktig, seier trenarane.

– Det har mykje å seie. I spelargruppa betyr det mykje. Vi tek med det oss til vi skal møte Jølster. Det bruker vere tett, med mange duellar, seier Gimmestad.

Skaaden fortel at STIL tapte mot Jølster i sesongavslutninga førre sesong.

– Det burde vere nok motivasjon til å snu det, seier han.

Ludvig Gimmestad scora det andre målet til STIL.

Kampfakta

Sandane – Førde 2: 2–1 (0–1)

Artikkelen held fram under annonsen.

Kretsligaen

Sandane Idrettspark

Sandane: Erlend Hetle, August Aa Berge, Magnus Nikolai Bolseth, Sindre Fjellestad, Martin Hukset, Hallvard Bjotveit, Jonas Løvland, Ludvig Anders Gimmestad, Magnus Klakegg, Kristoffer Hjelle, Sander Natanael Rauset Skogli. Innbytarar: 13 Jon Andre Rebbestad, Jens Kristian Fjellestad, Reinhart Aagård Midthjell, Ruben Søreide Brekke, Christian Eimhjellen Fjeldtvedt, Emil Helgheim.

Mål: 0–1 Emil Turøy Berge (40 min.), 1–1 Jon Andre Rebbestad (72 min.), 2–1 Ludvig Gimmestad (82 min.)

Dommar: Aleksander Blålid, Flatraket IL