Kulturminister Abid Raja (V) saman med idrettspresident Berit Kjøll og fotballpresident Terje Svendsen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Regjeringa opnar for meir kontakt i idretten – gir unntak frå einmetersregelen

Regjeringa har lagt fram ei ny forskrift som opnar for kontakttrening i all toppidrett, inkludert 2.-divisjon i fotball for menn og førstedivisjon for kvinner.

Unntaket frå einmetersregelen gjeld alle profesjonelle utøvarar i idrett og kultur.

– Toppidrettsutøvarane våre kan snart trene som normalt. Så snart helsestyresmaktene, NIF (Norges idrettsforbund) og vi er samde om retningslinjene her, er det berre å setje i gang. Eg kan forsikre om at Kulturdepartementet vil bidra alt vi kan for å få dette på plass, seier kulturminister Abid Raja (V).

I tillegg til at toppidrettsutøvarar i alle idrettar kan ha kontakt med kvarandre, blir det opna for det same i fotballseriar som Norges Fotballforbund (NFF) har bestemt at er klare til å følgje smittevernprotokollane til forbundet.

Det tyder at 2.-divisjon for menn og førstedivisjon for kvinner kan starte med kontakttrening og etter kvart med kampar, gitt utsegnene frå NFF nyleg.

– Vi er klare for å inkludere førstedivisjon kvinner og Postnord-ligaen (2.-divisjon for menn) i toppfotballpiloten og håpar på klarsignal for dette neste veke. Sjølv om dette vil innebere justeringar på dei mest inngripande smitteverntiltaka, er vi likevel trygge på at vi skal gjere dette på ein smittevernfagleg forsvarleg og tillitvekkjande måte, sa NFFs elitedirektør Lise Klaveness førre veke.

(©NPK)