Avslutta NM sterkt.

Pallen glapp med 15 tidelar

Med 1,5 sekund glapp pallen for Jon Rolf Skamo Hope, men eit nytt sterkt løp gav fjerdeplass på 15 km fri under NM i Trondheim tysdag.

Det vart eit nytt renn i noregstoppen, og Skamo Hope kjempa om pallplassen gjennom heile løpet. Til slutt vart det fjerdeplass på Hyen-løparen.

Det vart ein jamn konkurranse, og i mål var han berre 12,5 sekund bak vinnaren Sjur Røthe. Simen Hegstad Krüger blei nummer to, medan Harald Østberg Amundsen kapra bronseplasen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skamo Hope starta løpet sterkt og låg på tredjeplass etter to kilometer. Deretter roa han noko ned, men tok sats ved utgangen til den tredje runda og passerte på nytt på tredjeplass tre kilometer før mål.

Så seig det på nokre ekstra sekund til teten den neste kilometeren, men med ei kjempeavslutning vart det sekunddrama inn på oppløpet.