Ny krinsrekord for Thomas

Glopparen Thomas Mardal leverte eit kjempekast i sleggje i sesongopninga fredag.

Mardal kasta heile 75,77 meter under opningsstemnet Florida Relays, melder Gloppen Friidrettslag i ei pressemelding.

Dette er ei forbetring av den personlege rekorden med 1,5 meter. Mardal er no nummer to i Noreg gjennom alle tider, bak Eivind Henriksen.

Med dette resultatet går han inn på 10.-plass på verdsstatistikken for 2021. OL-kravet er 77,50 meter for direktekvalifisering, men det er 32 deltakarar som får plass i meisterskapen.

Thomas Mardal hadde eitt kast til over gamlepersen, det målte 74,67 meter.