Representantar for Jølster Handbakklubb deltok på Nordic Open i Lofthus fredag og laurdag.

Jølstringane imponerte – igjen

Jølster Handbakklubb stilte med sju utøvarar og ein dommar under Nordic open i Lofthus, Hardanger 2.-3. februar, og jølstringane gjorde sakene sine svært så bra.

Dette var det første stemnet for året og var eit ope stemne for heile Europa. Konkurransen gjekk over to dagar med utøvarar frå Noreg, Sverige, Kasakhstan, Latvia, Tjekkia, Romania og Ukraina. Totalt deltok 250 utøvarar kvar dag.

William Dalberg Lillemo tok ein gull og ein bronse. Jan Erik Sunde tok ein gull, Ottar Berg tok to sølv, og Roy Svalheim tok ein sølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

På biletet ser vi:

Framme f.v. Ottar Berg: nr. to i venstre og høgre grandmaster -100 kg, William Dalberg Lillemo: nr. ein i høgre, nr. tre i venstre junior 18 år +85 kg, nr. fem i høgre, nr. ni i venstre junior 23 år +85 kg, nr. ni i høgre og venstre senior -110 kg, Jan-Erik Sunde: nr. ein i venstre grandmaster -80 kg og dommar under stemnet, Roy Svalheim: nr. to i venstre, nr. fem i høgre grandmaster +100 kg.

Bak f.v. Tommy Dalberg Lillemo: nr. sju i høgre, nr. ni i venstre junior 23 år +85 kg, nr sju i venstre, nr. ni i høgre senior -100 kg, Richard Rygg Villander: nr. fem i venstre og høgre senior +110 kg, Inge Henden Førde: nr. fem i venstre, nr. ni i høgre master -80 kg, nr. sju i venstre og høgre senior -80 kg.