Roger Aa Djupvik er klar for Kusamo til helga, saman med Odd-Bjørn Hjelmeset.

Jan Ove Ødven held fram som STIL-trenar

Jan Ove Ødven har trena STIL sitt A-lag i tre år med blanda suksess. No har han bestemt seg for å gå på ein ny sesong som trenar for dei blåkledde.
– Øvre del av tabellen
– Eg blei spurd om å forsetje, og utsiktene til oppnå betre resultat neste år enn i år gjer at eg har takka ja til å ta eitt år til som trenar, seier Jan Ove Ødven.
Ødven er sjølv gammal STIL-spelar, og har opplevd tider i STIL-fotballen som var heilt annleis enn det som har vore tilfelle dei siste åra. No kan det sjå ut som det er eit aldri så lite sportsleg lys i tunnelen, etter at årets sesong har gått inn i STIL-soga som ein av dei svakaste nokon gong.
– Spelarar som har spelt for oss tidlegare, men som har vore vekke dette året kjem kanskje tilbake. Det er stor sjanse for at to-tre spelarar som har spelt i andre klubbar vil bli å finne i STIL-drakta neste år. Dessutan har spelarar som vaks ganske mykje i år framleis eit stort potensiale til å ta steg vidare og prestere betre neste år. Målet blir å hamne på øvre del av tabellen, seier Ødven.
Av spelarane som har vore med i år er Vegard Wergeland Hansen usikker på om han vert med vidare, og Arild Horntvedt har signalisert at han vil trappe ned.

Les heile saka i papiravisa måndag

Jan Ove Ødven tek ein ny sesong som trenar for Sandane sitt A-lag i fotball.