Gloppen: Kvar gong Hermod Huus (81) har vore på fjorden og fiska, har han ført resultatet inn i dagboka. Dei to siste åra har fangstane vore minimale.

GHK-herrane tapte på Stord

GHK hadde før kampen på laurdag vunne tre av dei fire første kampane denne sesongen. Men mot Solid/Stord vart det bråstogg. Heimelaget gav seg ikkje før det stod 34-23 på lystavla.
– Vi møtte eit veldig bra lag med fleire gamle eliteseriespelarar, og som totalt hadde 12-13 spelarar av bra kvalitet. Likevel heng vi godt med i 1. omgang, og går til pause fire mål bak. Då hadde vi framleis håp om at dette kunne vi greie i andre omgang om vi var heldige og dyktige og skåra på sjansane våre, fortel lagleiar Kjell Aske.

Les meir i papirutgåva måndag

Kjell Aske gjorde comeback og skåra fire mål i kampen mot Solid/Stord