GHK-damene berga plassen

Som kjent tapte dei med eitt mål laurdag etter ein svært jamn og spennande kamp mot Kjøkkelvik 2. Like jamt og spennande vart det søndag, men då bikka det Gloppen sin veg og dei vann med eitt mål.
Dette var ikkje nok til å berge plassen, for i tillegg måtte BSI tape mot Kvinherad, noko dei gjorde med solid margin. Dermed sto Gloppen og BSI begge med 14 poeng, men glopparane berga plassen på at dei var best i innbyrdes oppgjer, medan BSI må ut i kvalikkampar.
Gloppen sitt herrelag tok ein fin siger i Firdahallen laurdag og held liv i håpet om å halde plassen i 2.div. For damene vart det eit surt eittmålstap i Bergen.
Herrane vann til slutt 25-19 mot Stord 2 i ein artig kamp som svinga, men der glopparane avgjorde med ein sterk periode i starten av andre omgang. Edvin Øygard vart toppscorar med seks mål.
Les meir i papiravisa måndag