Andre nyhende: På firdatidend.no har vi den siste tida hatt liggjande ute eit spørsmål om korleis tiltaks- og næringsarbeidet i Gloppen bør organiserast. 45,36 prosent av dei som har svara meiner dette må gjerast gjennom eit interkommunalt samarbeid i Nordfjord, 20,96 prosent vil ha eit interkommunalt samarbeid i Sunnfjord, 21,31 prosent ønskjer ein eigen næringssjef og 12,37 prosent ønskjer at det skal halde fram som i dag.

Avslutta sesongen med tre poeng

Årets fotballsesong er over. Sandane avslutta mot Høyang som er tredje sist på tabellen. Det skulle med andre ord vere ei overkomeleg oppgåve å sikre tre nye poeng. Det gjorde heimelaget, men sidan også laga over på tabellen gjorde det same, betyr det ikkje avansement.

Det betyr at Sandane hamnar på ein sjetteplass, midt på tabellen, og må sjå Jølster på plassen over. Mot Høyang hadde Sandane kontroll heilt frå starten, men utan å dominere. Heimelaget gjekk til pause på stillinga 2-0. Det var fullt fortent og kunne gjerne vore større. Sandane brende nemleg ein gedigen sjanse rett etter avspark.

Andre omgang vart langt på veg ein kopi av første. Høyang var sjeldan farlege framfor heimelaget sitt mål, men greidde å redusere kvarteret før full tid. Sandane var litt meir effektive og scora tre gonger til. Alt i alt ein velfortent siger mot eit Høyang som har lagt ein skuffande sesong bak seg.

Les heile saka i papirutgåva måndag.

Like før Juty Johnny scorar Sandane sitt andre mål i oppgjeret mot Høyang. Bak i feltet Andre Norevik som scora to mål.