Sparebankleikane på Byrkjelo i helga

Årets Sparebankleikar i friidrett er eit todagarsstemne, med øvingsstart laurdag ettermiddag. Hovuddagen er søndag, med alle klassane for dei yngste, saman med spanande øvingar for eldre klassar. Yngste klasse er åtte år.

Med tett terminliste, der Honndalsleikane går på laurdagen, har ein valt eit samarbeid med Hornindal IL, slik at ein ikkje konkurrerer for mykje om utøvarane. Øvingsutvalet laurdag er difor avstemt mot øvingane på Hornindal stadion, og det er godt mogeleg å få med seg begge stemna.

På dei to stemnedagane vil ein likevel vere innom dei fleste friidrettsøvingane, frå korthekk og hinder, til vanlege løpsdistansar, hopp og kast.

Sparebankleikane er eit breiddestemne der alle kan vere med, men det er også eit stemne som har toppresultat. Gjennom tidene har Karsten Warholm, Trude Raad og mange fleire av dei beste norske delteke.

Premieringa er den spesielle Sparebankleikane-medaljen i gull, sølv og bronse frå 13 år og eldre. Dei yngste får alle ein deltakarmedaljar.

Alle friidrettsgruppene i Gloppen samarbeider om arrangementet. Sparebankleikane starta opp i 1980, og har vore eit årvisst høgdepunkt for friidretten i kommunen.  Meir enn 10 000 deltakarar har vore innom sidan starten.