Solid publikumsrekord

17600 besøkande var innom festivalområdet i Breim og dei andre arenaene i løpet av dei tre siste dagane av Norsk Countrytreff. Festivalsjef Arve Kleppe kan sjå tilbake på tidenes festival.

- Blodpumpa gjekk litt raskt av og til, spesielt då det verka som alle ville bu på campingen og vi såg arealet minke i rekordfart. Heldigvis har vi mange velvillege grunneigarar som let oss utvide, og vi fekk i stand gode avtalar med politi og vaktselskap, slik at vi kunne forsvare å utvide campingområdet, seier Kleppe i ei pressemelding.

Med så mange besøkande innom i det fine vêret vart det også gode tal for matserveringa. Festivalleiaren seier det er for tidleg å kome med konkrete tal på inntening, men med så mange tilskodarar og godt sal elles, trur han dei landar godt på plussida økonomisk.

- Det har ikkje alltid vore slik, så dette er vi utruleg glade for. For vår del er det viktig at dei som er her trivst også, og sjølv om det var hektisk til tider, ser alt ut til å ha gått strålande og tilbakemeldingane så langt har vore veldig gode, seier Kleppe.

Folk har mellom anna kunne kost seg med Tanya Tucker, Vassendgutane, Rotlaus, Hanne Sørvaag, Willy Clay Band og ei heil rekkje andre artistar. Ei fullsett Breim kyrkje møtte artistane på den populære kyrkjekonserten laurdag, og artistane sytte for god stemning på alle arenaene.

Avslører neste års hovudartist

Å kunne sjå tilbake på ein vellukka festival i år gir også god giv for å tenkje på neste års festival, som også blir 25-års jubileum for Norsk Countrytreff. For første gong kan festivalen allereie no avsløre ein av artistane som skal la musikken ljome ut over Nordfjordbygdaneste sommar.

- Emmylou Harris er ein stor musikar, ikkje berre innan country. Ho er kjend for mange og ein kvalitetsmusikar av rang, så dette gleder vi oss verkeleg til.

Emmylou Harris starta som visesongar, men har sidan starten på 60-70-talet produsert ei rekkje plater. Ho er godt kjend for si englestemme, og i løpet av dei over 40 åra ho har halde på, har ho henta heim 13 Grammy-prisar i tillegg til mange andre utmerkingar.

- Vi har trua på at det blir ein knallfestival også neste år, så folk kan berre byrje å glede seg, seier Kleppe.