Heim   >   Fylket   >   Sogning og rendøl heidra med kulturminnepris

Per Olav Maathiesen, riksantikvar Hanna Geiran og Torbjørn Løland. Foto: Gunvor Haustveit/Riksantikvaren.

Sogning og rendøl heidra med kulturminnepris

Torbjørn Løland frå Hyllestad og Per Olav Mathiesen frå Rendalen får Riksantikvarens kulturminnepris for innsatsen sin for å få ut kunnskap om arkeologiske kulturminne.

– Vi er glade for å kunne heidre to prisvinnarar som har lagt ned eit stort frivillig arbeid som har inspirert både unge og eldre: Torbjørn Løland frå Kvernsteinparken i Hyllestad, og Per Olav Mathiesen frå Rendalen. Gratulerer med prisen, sa riksantikvar Hanna Geiran då prisen vart delt ut i Stavanger denne veka.

Kvart år går Riksantikvarens kulturminnepris til nokon som har gjort ein særleg innsats for kulturminne. Kulturminneforvaltarar frå heile landet var til stades då riksantikvaren overrekte prisen til Mathiesen og Løland. Prisutdelinga gjekk føre seg i Stavanger, på Riksantikvarens kulturminnekonferanse «Haustmøtet».

Torbjørn Løland har gjennom 30 år vore drivkrafta i utviklinga av Kvernsteinparken i Hyllestad i Sogn og Fjordane. Innsatsen hans er særleg knytt til gjenoppdaginga av kvernsteinsbrota i Hyllestad, det største steinbrotslandskapet frå vikingtid og mellomalder i Nord-Europa. Inntil mars 2018 var han formidlingsleiar ved Norsk Kvernsteinsenter ved Musea i Sogn og Fjordane, og var med på å utvikle «Hyllestad-modellen» der skuleklassar kvart år har hatt undervisning i steinbrota. Fleire av dei har seinare fått jobb som omvisarar og formidlarar av historia.

Per Olav Mathiesen har inngåande kunnskap om kulturminna i heimkommunen sin Rendalen, ein kommune med store utmarksområde og ei interessant kulturhistorie. Han har kartlagt store deler av dei arkeologiske kulturminna i Rendalen, som fangstanlegg, jernvinneanlegg, kolgroper, tjæremiler og buplassar. Alle kulturminna som Mathiesen har funne utgjer ei lokalhistorisk gullgruve, og innsatsen hans har gitt ei oversikt som elles ikkje hadde vore mogleg. (©NPK)