Mange nordmenn har ein draum om eit enklare liv i landlege omgjevnader. Illustrasjonsfoto: Erlend Aas/NTB scanpix/NPK.

«Småbruk» på søkjetoppen

Det er framleis mange som drøymer om å bu på eit småbruk. Ordet «småbruk» har toppa søkjelista på Finn eiendom i fleire år allereie, fortel avisa Nationen.


I 2016 hadde småbruk 614.000 søk, 580.000 i 2017 og 541.000 søk i 2018, går det fram av tal som Finn har lagt fram for Nationen.


– Den høge interessa for småbruk på Finn kjem nok av ønsket mange nordmenn har om eit enklare liv, seier Kristine Eia Kirkholm, kommunikasjonssjef i Finn til avisa.


– For svært mange blir dette med ein draum, dei veit nok inst inne at dei ikkje kjem til å flytte på landet. Men, vi treng draumar, og for dei som bur i leilegheit i byen kan det virke forlokkande med eit stille liv i ei bygd, medan dei mjølkar kyr og lever i eit meir roleg tempo, seier ho. (©NPK)