Å fiske etter skrei har nordmenn gjort i hundrevis av år. No er det tid for skreifiske igjen. Arkivfoto Svein Hammerstad/NTB scanpix/NPK.

Skreien er i kjømda





– Så langt er det meste av skreien levert i Finnmark og Troms, men fangstane aukar også i Vesterålen, fortel havforskar Bjarte Bogstad på nettsida til Havforskingsinstituttet.


Skreien gyter langs kysten mellom Finnmark og Vestlandet i mars-april.


– Kvar hannfisk kan gyte mellom ein halv million og 15 millionar egg, avhengig av alder og størrelse, fortel Bogstad


Om befruktninga er vellukka, utviklar egget seg frå éin til mange celler på få timar. Etter kvart byrjar celleklumpen å endre form, og innan nokre dagar har den utvikla seg til å bli eit embryo med auge. Etter kvart blir det tydeleg at det er ein liten fiskelarve inni egget.


Kor lang tid prosessen tar, er avhengig av sjøtemperaturen. Når temperaturen er rundt 5 grader, tar det om lag 20 dagar før larven er klar til klekking. Eit enzym som svekkjer eggeskalet blir då skilt ut.


Den nyklekte larven må på få dagar finne ut korleis han skal fange mat, samtidig som han må unngå å bli eten av større fisk, kril eller maneter. Det er det få som greier.


– Færre enn eitt egg per million blir til fisk som får gyte sjølv ein gong, seier Bjarte Bogstad. (©NPK)