Skamlause pelsdyrpengar!

Lesarinnlegg av Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen (Sp):

For fjorten dagar sidan var landbruksministeren på besøk i Nordfjord og Gloppen, og på ope møte om landbrukspolitikk vart det, kanskje ikkje overraskande for ministeren, også løfta fram pelsdyr som tema. Ministeren beklaga seg og var sikkert ærleg nok på at ho hadde fått ei skitsak i fanget, som ho personleg gjerne skulle vore forutan. Det trur eg ministeren på. I alle fall når vi i førre veke fekk sjå regjeringa sitt framlegg til kompensasjon for pelsdyrnæringa. Dette som ein konsekvens av at den same regjeringa på etterjulsvinteren i fjor vedtok forbod mot pelsdyrhald i Noreg.

Det er mykje ein kunne sagt om dette og skal prøve å begrense meg. Men her har ein altså vedtatt eit forbod mot ein produksjon av eit lovleg produkt, der sjølve produktet framleis vil vera lovleg å importere og å kjøpe. Regjeringa gøymer seg altså bak eit argument om dyrevelferd for å forby ein produksjon, utan at dei tilsynelatande bryr seg nemneverdig om kvar, korleis eller kva forhold pels som vert omsett i Noreg i framtida vert produsert under. Eg synest faktisk det i seg sjølv er gale nok. Det som derimot er direkte skammeleg, det er kompensasjonen regjering tilbyr.

500 millionar kroner. Det er mykje pengar, og eg nyttar, i alle fall ikkje ofte, ordet småpengar om 500 millionar kroner. Men i dette tilfellet er det faktisk nettopp det dette er. Oslo Economics har rekna ut, på vegne av næringa sjølv, at ein treng 2-2,5 milliardar kroner for at dette vert eit verdig oppgjer, og då er pelssentralar og fôrkjøken halde utanom.

Det skal koste å legge ned ei heil næring. Same kva forlik regjeringspartia måtte finne på å inngå. Seinast i 2016 kom regjeringa Solberg til Stortinget med ei stortingsmelding om å vidareføre næringa, denne vart også vedtatt med eit breitt fleirtal i Stortinget. I etterkant verka alle, i alle fall alle som stemde for å vidareføre næringa, einige om kor viktig det no var at næringa fekk ro. Dette er altså to og eit halvt år sidan.

Så skal eg ikkje no gjera dette til ein diskusjon om det er dyrevelferd eller ikkje, eller om det er trendar i tida som tilseier kor vidt dette er lurt eller ikkje å avvikle næringa. Eg personleg meiner dette er ei grøn næring, der pelsdyra et opp slakteavfall og anna biologisk avfall som elles ville gå på dynga. Desse dyra har naturpels vi kan lage klede av i staden for plast og anna syntetisk materiale som vert erstattarane. Dei seriøse pelsdyroppdrettarane er profesjonelle fagfolk, med stor kunnskap om dyr og dyrehald. Det å få dyra drektige og få kvelpar av dei, for igjen å få desse kvelpane til å produsere kvalitetspels er rett og slett ikkje mogleg utan å vite kva ein sjølv driv med og utan at dei same dyra har det bra. Desse oppdrettarane er glade i dyra sine og i arbeidet sitt.

Men som sagt dette er mi meining og eg skal sjølvsagt respektere at andre er ueinige i den. Det skulle berre mangle. Det eg då forventar er at dei same kreftene, som jublar for eit forbod, også no kjem på bana og engasjerer seg for at ikkje oppdrettaren og deira familiar må gå frå gard og grunn som evige gjeldsslavar. Det er nemleg dit vi for mange er i ferd med å ende no.

Mange av desse oppdrettarane sit med stor gjeld. Mange hadde også venta på og satsa nettopp med tanke på at etter at stortingsmeldinga om ei bærekraftig pelsdyrnæring vart vedtatt, så skulle næringa få ro. Slik gjekk det altså definitivt ikkje og vedtaket regjeringa har gjort og kompensasjonen som ein no tilbyr liknar meir på eit ran enn ein kompensasjon.

Gloppen er ein kommune med ei lang og rik pelsdyrhistorie. Det har også vore tider der kommunebudsjettet ikkje vart vedtatt, før ein visste skinnprisane og korleis desse slo ut for bøndene i kommunen. Dette seier noko om kva verdiar denne næringa har skapt til alle tider. Desse pelsdyra har også vore viktige bidragsytarar for å halde oppe livsgrunnlaget på elles skrint inntektsgrunnlag, og på den måten bidratt til aktivitet, busetnad og det landbruket vi kjenner i dag.

Og i dag då alle likar å snakke om det grøne skiftet med bruk av fornybare ressursar og sirkulærøkonomi, så slår ein altså beina under ei næring som bidreg med nettopp dette.

Det er ikkje like mange pelsdyrbønder no som i glansdagene, men dei vi har er drivande dyktige bønder som ikkje har gjort noko anna enn å bidra med vekst og verdiskaping til samfunnet rundt seg og ein arbeidsplass til seg sjølv og andre.

No har vi altså ikkje berre ei regjering som seier det er ulovleg. Den er også beredt til å slå dei personleg konkurs.

Dette er ikkje fornuftspolitikk. Dette er hårreisande og dette er skammeleg!