- Skal gjere mitt beste for oss alle

– Eg skal gjere mitt beste for oss alle i denne første perioden i Vestland fylke, sa nyvald fylkesordførar Jon Askeland (Sp) på det første fylkestinget i Vestland. Han vart vald med 46 røyster. Silja Ekeland Bjørkly (H) fekk 19 røyster.

Anne Gine Hestetun, leiar av fellesnemnda, leia det første Vestland fylkesting til val av ny fylkesordførar vart klart.

– Eg vil takke Anne Gine Hestetun for jobben som fylkesordførar og leiar i fellesnemnda. Så seier eg med heile meg velkomen til samarbeid. Vi skal dele ansvaret med å setje ein god folkevald kultur i den nye regionen. Vi inviterer til latter, smil, semje og kjempestor usemje, politikk og gode personlege relasjonar, sa Jon Askeland i takketalen til fylkestinget.

Strekkje ei hand til samling

Han avslutta med to sitat: «Ingen kan skine på stjernehimmelen åleine», av Gro Harlem Brundtland og «Heng vi ikkje saman no, blir vi hengt kvar for oss», av Jan Per Syse.

– Frå ein med ståstad i sentrum, har eg freista strekkje ei hand til alle, ei hand til samling i det som sameinar oss, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Askeland vart vald med røystene til A, Sp, MDG, KrF, SV, V, R og FNB. Motkandidat Silja Ekeland Bjørkly fekk røystene til H, Frp og PP.

Fylkesvaraordførar

Natalia Golis (MDG) vart vald til fylkesvaraordførar med dei same røystene som fylkesordføraren. Motkandidat Terje Søviknes (Frp) fekk røystene til H, Frp og PP.

Fylkesutvalet er samansett av 17 representantar og vart vald med 63 røyster. Raudt røysta blankt. Desse er i fylkesutvalet: Jon Askeland (Sp), Aleksander Øren Heen (Sp), Anne Gine Hestetun (A), Arve Helle (A), Emil Gadolin (A), Kine Bratli Dale (A), Natalia Golis (MDG), Marthe Hammer (SV), Trude Brosvik (KrF), Gunhild Berge Stang (V), Silja Ekeland Bjørkly (H), Noralv Distad (H), Svein Halleraker (H), Knut Inge Andersen (FNB), Morten Klementsen (FNB), Terje Søviknes (Frp) og Sigbjørn Framnes (Frp).

Kontrollutval

Kontrollutvalet vart samrøystes vald: Dan Femoen (H) leiar, Odd Erik Lind (FNB), Renate Møgster Klepsvik (Frp), Iril Schau Johansen (H), Lars M. Fjelstad (Sp), Jostein Ljones (Sp) og Ingrid Handeland (V).